MUSEA I SOGN OG FJORDANE STI NORSK REISELIVSMUSEUM
Balestrand, Vestland
Fast
Fulltid
7 dager siden
Om stillingaI avdeling kulturhistorie har vi ledig stilling som museumsvert med hovudarbeidsstad på Norsk Reiselivsmuseum. Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for museum og kulturhistorie, og som evnar å spegle dette i ei vertskapsrolle. Museumsverten er vårt ansikt utad, og skal yte sørvis og gje god informasjon til dei ulike publikumsgruppene og besøkande på museet.Som museumsvert vil du ha ansvar og oppgåver knytt til:
rapportering sal, fakturering, månadsoppgjer og besøksstatistikk
planlegging, praktisk førebuing og gjennomføring interne og eksterne arrangement
opplæring sommarvertar
enkle formidlingsoppgåver
støtte til museumsleiar og museumspedagog
Du vil arbeide med både teoretiske, utøvande, praktiske og administrative oppgåver.Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør kulturhistorie, medan det daglege arbeidet på museet blir leia av museumsleiar. I tillegg til å vere del av det stadlege teamet på Norsk Reiselivsmuseum, vil du også bidra til å løyse oppgåver i avdelinga, i samarbeid med andre museumsvertar på musea våre, og på andre formidlingsarenaer.Arbeidet vil vere prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som arbeid på kveldstid og i helg. Stillinga har noko reiseverksemd i samband med deltaking på interne arrangement og prosjekt.Norsk ReiselivsmuseumReiselivsmuseet ligg i den idylliske bygda Balestrand ved Sognefjorden, som også var ein av Noregs tidlegaste reiselivsdestinasjonar. Museet er eitt av få i verda som tematiserer utviklinga av den moderne turismen, og formidlar om dei som reiste - til deg som reiser.Publikumstilbodet vårt omfattar utstillingar, arrangement og formidlingsoppplegg for ulike målgrupper. Museet, med kafe og butikk, held ope heile året.Les meir på .KvalifikasjonarVi søkjer deg som har:
fullført vidaregåande opplæring, fortrinnsvis innan sal, service og reiseliv
førarkort kl. B
interesse for museum og teft for vertskapsrolla
gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
erfaring med administrative oppgåver
interesse for arbeid i og med tekniske løysingar og digitale plattformar
erfaring med sal/butikkdrift
erfaring med matlaging/kafedrift
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som:
er trygg i vertskapsrolla
er open og omgjengeleg
har gode samarbeidsevner
arbeider sjølvstendig, metodisk og systematisk
er stødig og til å lite på
trivst med utfordringar og variasjon i arbeidsoppgåver og -tider
Generell informasjonSom tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og i skriftleg kommunikasjon med eksterne.Vil tilbyr pensjonsordning via KLP.Stillinga som museumsvert blir løna etter avtale, og har stillingskode 1065 jf. Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner.Nærare opplysingar får du ved å vende deg til museumsleiar Guri Våge Mossige på tlf. 91 17 83 40.Søknad med vedlegg registrerer du via lenka "Søk stillinga" på denne sida.Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema tek du kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kvardagar mellom 08:00-16:00Kontaktperson for stillingenGuri Våge Mossigemuseumsleiar+4791178340Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenMusea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til malaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar og eksport av kvernsteinar i vikingtida, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.Vi har kring 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Les meir på .SektorOffentligNettsted