Medarbeidar - Unikt teater

Klepp kommune

  • Klepp, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Kommunane Klepp, Time og Hå samarbeider om teatergruppa Unikt teater, som er eit kultur- og fritidstilbud for unge med funksjonsheimming. Nedre aldersgrense er 13 år. Gruppa har i dag ca 20 deltakarar. Unikt teater har vore drive i meir enn 10 år og er eit populært tilbod for målgruppa. Teatergruppa har ei årleg førestilling i desember.Tilsetjingsform:Medarbeidaren vil bli tilsett som oppdragstaker. Øvingstida for Unikt teater er 3-4 timar annakvar veke i tidsrommet kl 18.00 til 21.00. Øvinga skjer på ettermiddag/kveld og er for tida på Klepp ungdomsskule. Ein må rekna med noko meir øving på kveldstid og i helger i forkant av førestillinga. Driftsåret følgjer hovudsakleg skuleåret.Teamet består av leiar og totalt to medarbeidarar/oppdragstakarar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:11.09.2025Arbeidsgivar:Klepp kommuneStad:, Klepp Stasjon, KLEPP STASJONStillingstittel:Medarbeidar - Unikt teaterStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:EngasjementStillingsprosent:0Webcruiter-ID:5008731503Startdato:06.10.2025Sosial deling :ArbeidsoppgåverMedarbeidaren skal, i samråd med leiar, bidra til god organisering av øvingane, vera med å skapa eit godt miljø og godt innhald på øvingane Dette inkluderer å følgja opp deltakarane på øvingane, ha kontakt med pårørande og/eller tilsette i bustadar, samt diverse praktiske oppgåver i tilknytting til dette.KvalifikasjonarMe ønskjer at du har nokon av desse kvalifikasjonane:Utdanning innan eller erfaring frå dramaturgi eller liknande
Relevant utdanning og/ eller erfaring frå miljøarbeid med målgruppa
Erfaring og ferdigheiter innan musikk, dans, produksjon av kostymer e.l.
Alminneleg god datakunnskap
Førarkort for personbilGode norskkunnskaper - skrifteleg og munnlegAttester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.Personlege eigenskaparUtadvendt og med gode evner til kommunikasjon og samarbeid med personar i målgruppa og andre involverte
Evne til å rettleia og leggja til rette for den enkelte deltakaren
Fleksibel, ryddig, selvstendig og ansvarsfull
Kreativ og med evne til å finna praktiske løysingar saman med andre
Engasjement og interesse for dramaaktivitetVi tilbyrGodt arbeidsmiljø og spanande utfordringar
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar
Tilsetting på kommunale vilkårKontaktinformasjonElse HavikfritidskonsulentOm arbeidsgivarenKlepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Klepp kommune