Ringevikarar - SkuleOm stillingaSkule og SFO i Vaksdal kommune har behov for fleire tilkallingsvikarar.Likar du å arbeide med barn og unge, og ønsker ein jobb der du kan bidra til ein trygg og positiv kvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg.Skulane og SFO tilbyr eit inkluderande og utviklande miljø der du får vere med og støtte elevane både i læring og leik.Vi ser etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar som er trygge i møte med barn og unge, og som kan bidra til gode opplevingar i både skule- og SFO-tida.Stillinga passar godt for deg som ikkje ønsker å binde deg til fast stilling, og kan enkelt kombinerast med studiar eller anna arbeid. Det er ikkje eit krav om formell pedagogisk utdanning, men personlege eigenskapar blir vektlagde.Send oss gjerne ein søknad – og ta kontakt dersom du har spørsmål.Arbeidsoppgåver
Vere til stades for barna både i klasserom, friminutt og sfo.
Vere engasjert i barna sin leik inne og ute
Passe på så ingen fell utanfor læringsarbeid eller leik
Sette deg godt inn i alle rutinar
Ulike praktiske oppgåver
Sette deg inn i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar
Du er god på kommunikasjon og relasjonsbygging med barn og unge
Du er påliteleg, open og ærleg
Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen/skule/SFO for barna si skuld, men og har evne til å samarbeide med kollegaer
Personlege eigenskapar vert vektlagt.Vaksdal Kommune kan tilby
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Individuell oppfølging
Gode moglegheitar for støtte til utdanning
Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Generell informasjonVaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 19 i barnehagelova fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.