Sjukepleiar

Time kommune Se alle jobber

  • Bryne, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Spennande fast stilling som sjukepleiar, korttids- og rehabiliteringsavdelingMe har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar ved Korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Sivdamheimen. Stillinga er todelt, med arbeid kvar tredje helg.
Avdelinga har 24 plassar, inkludert lindrande senger, og er prega av høg fagleg kvalitet og engasjerte, dyktige medarbeidarar. Pasientgruppa er variert, og me tek imot pasientar både direkte frå sjukehus for kartlegging og rehabilitering, samt pasientar som kjem direkte frå heimen. Me har eit sterkt tverrfagleg samarbeid, med:
  • eigen tilsynslege ved avdelinga
  • dyktige og erfarne fysioterapeutar og ergoterapeutar
  • tett samarbeid med klinisk ernæringsfysiolog
  • fagansvarleg sjukepleiar knytt til avdelinga
Hos oss er det høgt fagleg fokus, gode utviklingsmoglegheiter og eit inkluderande arbeidsmiljø. Avdelinga ligg sentralt på Bryne, med kort gåavstand til togstasjonen.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Time kommuneStad:BryneStillingstittel:SjukepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5104322501Sosial deling :ArbeidsoppgåverSom sjukepeleiar hos oss vil du:
  • ha pasientansvar og bidra til heilskapleg og fagleg forsvarleg oppfølging av pasientane
  • delta i tverrfagleg planlegging og gjennomføring av pasientforløp
  • ha ansvar for samhandling med spesialisthelsetenesta
  • samarbeida tett med andre tenester innan kommunehelsetenesta
  • utføra sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningsliner
  • stå for kommunikasjon med og oppfølging av pårørande
  • bidra til rettleiing og oppfølging av studentar
KvalifikasjonarDen som vert tilsett:
  • er offentleg godkjend sjukepleiar
  • har gjerne relevant vidareutdanning, til dømes innan gerontologi, akuttmedisinsk sjukepleie eller arbeid med kronisk og alvorleg sjuke / primærhelsetenesta
  • har erfaring frå tilsvarande arbeid eller relevant praksis
  • beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
- for søkjarar med anna morsmål enn norsk krevst dokumentert språknivå på minimum B2 * kan nytta IKT-verktøy i det daglege arbeidet
  • legg ved relevante attestar, samt vitnemål og/eller karakterutskrift frå Vitnemålsportalen
  • og har utdanning frå utlandet, legg ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir)
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som:
  • har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og bidreg positivt i arbeidsfellesskapet
  • arbeider sjølvstendig, tek initiativ og følgjer opp oppgåver som må gjennomførast
  • er fleksibel og villig til å ta på deg nye arbeidsoppgåver i takt med endringar i organisasjonen
  • trivst med utfordringar, er engasjert, løysingsorientert og har god evne til å gjera faglege vurderingar
  • tek ansvar for eigen fagleg utvikling og er open for å tileigna deg ny kunnskap
  • har gode kommunikasjonsevner og framstår klar og tydeleg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - dette vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
  • gode pensjonsordningar (KLP)
  • løn etter tariff/avtale
  • ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Det vert kravd politiattest før tiltreding i stillinga.Adresse: Røyrvika 13, 4340 BryneKontaktinformasjonAnlaug ØieAvdelingslederE-post: anlaug.oie@time.kommune.noOm arbeidsgivaren"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Time kommune

Lignende stillinger

  • Sykepleier/vernepleier – Natt, Akuttpsykiatri (50 %)

    Jaeren DPS

    • Bryne, Rogaland
    Om stillingen Vil du jobbe i et fagmiljø som brenner for akuttpsykiatri? Vi har nå et 50% vikariat på natt ledig fra d.d. og ut 2026, med mulighet for forlengelse. Arbeid hver …
    • 16 dager siden
  • Sykepleier/vernepleier - Natt, Akuttpsykiatri (50 %)

    NKS JAEREN DISTRIKTSPSYKIATRISKE AS

    • Bryne, Rogaland
    Vil du jobbe i et fagmiljø som brenner for akuttpsykiatri? Vi har nå et 50% vikariat på natt ledig fra d.d. og ut 2026, med mulighet for forlengelse. Arbeid hver tredje helg. K…
    • 16 dager siden
  • Sjukepleiar

    TIME KOMMUNE BRYNEHEIMEN

    • Bryne, Rogaland
    Spennande fast stilling som sjukepleiar, korttids- og rehabiliteringsavdeling Me har ledig f ast 100 % stilling som sjukepleiar ved Korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Sivda…
    • 8 dager siden