
Rådgjevar for klima og miljø i offentlege innkjøp
- Heggenes, Innlandet
- Kontrakt
- Fulltid
- Utvikle og implementere rutinar for klima- og miljøkrav i innkjøp
- Rettleie og støtte kommunane i konkrete innkjøpsprosessar
- Følgje opp og evaluere miljøkrav i innkjøp
- Halde oversikt over regelverk og marknadstrendar
- Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Solid og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gjerne kunnskap og erfaring innan klima, miljø og økonomi
- Kjennskap til regelverket for offentlege innkjøp og miljøkrav i innkjøpsprosessar er ein fordel
- Erfaring med systematisering av rutinar, kvalitetsarbeid, prosjektleiing eller forbetring av arbeidsprosessar er ønskjeleg
- Erfaring frå offentleg forvaltning eller innkjøpsarbeid er ein fordel
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk
- God digital kompetanse og erfaring med bruk av IKT-verktøy i arbeidshøve
- Har eit sterkt engasjement for klima og miljø
- Er strukturert og sjølvstendig
- Trivst med samarbeid på tvers av fag og kommunegrenser
- Har relevant utdanning og erfaring frå offentleg forvaltning eller innkjøp
- Er initiativtakande, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk, inkludert verifisering av utdanning og arbeidserfaring.Adresse: Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, NorgeKontaktinformasjonTone SnortheimTenesteleiar næring, plan og byggesakOle Torgeir DokkebakkeInnkjøpskoordinatorJostein AanestadKommunedirektørOm arbeidsgivarenNasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på .