Lærar

Klepp kommune

  • Kleppe, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 15 dager siden
Om stillingaEr du klar for å arbeida på ein moderne og framtidsretta barneskule i Klepp kommune?Tu skule har 240 elevar og er den einaste barneskulen i Rogaland som er sertifisert som dysleksivenleg. Skulen har ein godt utstyrt skaparverkstad, særs gode areal og fasilitetar og det er høg profesjonalitet blant dei tilsette.Kanskje du er ein teknologientusiast som ønskjer å undervisa på skaparverkstaden vår? Mogleg du har utdanning i spesialpedagogikk og brenn for at elevar med lese- og skrivevanskar skal få gode moglegheiter til å lukkast? Eller er du ein kreativ lærar som brenn for praktisk estetiske fag og variert undervisning som fenger elevane? Me er på jakt etter ein dyktig pedagog som vil noko ekstra. Dei aller viktigaste kriteria er at du brenn for læraryrket, er ein dyktig klasseleiar og vil gjera ein forskjell for elevane våre!Me ønskjer deg med på laget vårt!Ikkje nøl med å ta kontakt. Intervju vert gjennomført fortløpande.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:29.04.2024Arbeidsgivar:Klepp kommuneStad:KleppeStillingstittel:LærarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4799036955Sosial deling :Arbeidsoppgåver- Planleggja og gjennomføra god undervisning i tråd med LK20- Bidra til at elevane får utvikla fagleg og sosial kompetanse- Rettleia elevane i deira utvikling- Gje skriftlege og munnlege framovermeldingar til elevane- Jobba systematisk med elevane si læring og utvikling- Skapa eit trygt og inkluderande skulemiljø- Samarbeida med elevar, føresette, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar- Bidra i skulen sitt utviklingsarbeid og følgja opp skulen sine satsingar- Gjennomføra tilsyn ute og inne- Halda seg fagleg ajourKvalifikasjonar- GLU 1.-7., GLU 5.-10. eller allmennlærarutdanning.- Du må ha kompetanse i eit eller fleire av faga matematikk, norsk eller engelsk- Gode norskferdigheiter- Gode IKT-ferdigheiterDet er krav om politiattest for tilsetting.Personlege eigenskapar- kan skapa gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
- har gode ferdigheiter i klasseleiing.
- er ein god samarbeidspartnar.
- kan tilretteleggja arbeidsmetodar ut frå elevane sine behov.
- evner å aktivisera elevane gjennom variert undervisning.
- har tydelege forventningar og struktur i klasserommet.
- støttar og møter elevane med ein autoritativ leiarstil.
- kan arbeida både sjølvstendig og i team.
- er motivert for utviklingsarbeid og deltek aktivt i vidareutvikling av skulen.
- har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.Me vil leggja stor vekt på at du er personleg eigna til læraryrket.Vi tilbyr- Arbeid på ein framtidsretta og moderne skule med gode fasilitetar- Samarbeid med fagleg dyktige kollega.- Støtte frå andre profesjonar gjennom tverrfagleg refleksjon (jamfr. Kleppmodellen).- Rettleiing dei to fyrste åra viss du er nyutdanna.- Gode moglegheiter for fagleg utvikling .Løn i tråd med gjeldande tariff.Klepp kommune har ulike velferdsordningar og gode pensjon- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Det er seks månadar prøvetid i stillinga.Adresse: Solavegen 1, 4351 Kleppe, NorgeKontaktinformasjonVibeke SolaRektorOm arbeidsgivarenKlepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Klepp kommune