Avdelingsleiar, Bu og habilitering Bakk-Ola-marka- vikariat
Orsta kommune, Bu og Habilitering
- Ørsta, Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
- Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå
- Oppfølging av tilsette
- Medansvar for økonomi og budsjett
- Leiaransvar for tilsette på avdelinga
- Kvalitetsutviklingsarbeid og rapportering
- Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanlegging
- Dagleg drift og oversyn over Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka
- Leiarerfaring
- Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar
- Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet
- Kunnskap om turnusplanlegging og planlegging av dagleg drift.
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- kan handtere perioder med mykje som skjer på ein gong
- er ein tydeleg leiar som ser og involverer dei tilsette, men og kan ta dei meir krevjande avgjerslene
- har evne til å skape gode relasjonar, inspirere og ta initiativ, samt formidle avdelinga og tenesteområdet sine mål
- har evne til å leie, motivere og skape resultat
- har ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine
- Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Kollegar som er interssert i å utvikle dagens helse- og velferstenester
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.PrøvetidPrøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn - intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.Adresse: Anders Hovden-gata 27, 6153 Ørsta, NorgeKontaktinformasjonGuro Bakke LiaskarTenesteleiarE-post: guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.noOm arbeidsgivarenØrsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåverUtvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskapHeiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.