Ambulansearbeidar / Paramedisiner
HELSE MORE OG ROMSDAL HF ALESUND AMBULANSESTASJON
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
- 1 x 100% fast stilling
- 1 x 100% vikariat for perioda 01.09.26 - 01.08.27
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF har ansvar for den akuttmedisinske beredskapen i heile fylket. Her får du jobbe saman med dyktige fagfolk innan bil-, båt- og luftambulanse, AMK-sentralen (113) og pasientreiser - ein unik moglegheit til å bidra i ei av dei viktigaste tenestene i helsetilbodet vårt.
Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.Er dette noko for deg, ønskjer vi deg velkomen som søkjar!
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
- Samarbeide i team og samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Påta seg dei faglege delegeringane som krevst
- Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Interne arbeidsoppgåver
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldande for føretaket
- Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisiner
- Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Ha førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarende 5 stp. på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med gjennomført Paramedic utdanning, eller er villig til å fullføre slik utdanning
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i forbindelse med resertifisering
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Evne til å inspirere og motivere, og har gode evner til samarbeid
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6015 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5107981395
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026Kontaktperson for stillingenHeidi PedersenSeksjonsleiarKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted