Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
Vi har ledig 3 faste og 2 vikariat i 100% med oppstart etter avtale.Du kan gjerne kome med ønskje om du har behov for ein anna stillingsprosent som passer bedre for deg.
Sengepost Medisin 3 har 28 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus.Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor! Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen. Helsefagarbeidarar får tildelt relevante arbeidsoppgaver etter å ha gjennomført opplæring, dette avlastar sjukepleiarane i ein hektisk kvardag.Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3.helg, og du får kome med ønske om korleis legge vaktfordelinga best til rette for deg. Vi har tibud om langvakter på helg. Med langvakter vil det verte arbeid kvar 4. helg. Langvakter er frivillig.Høyrest dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på!Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunehelsetenesta
- Delta i forbetringsarbeid
- Offentlig godkjenning som sjukepleiar
- Relevant videreutdanning og erfaring kan bli vektlagt
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6450 HjelsetNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5074485194
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 24.04.2026Kontaktperson for stillingenMette MalmeSeksjonsleder93451373Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted