Lærarstilling på Lye skule

Time kommune

  • Bryne, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaLye skule har frå 01.08.2024 behov for fleire lærarar med på laget. Me søkar deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag, og vera med på utvikling av Timeskulen framover. Fokuset i alt me gjer er: Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven?Lye skule er ein 1-7 skule som ligg på Lyefjell, ca 5 km frå Bryne. Det er ca 300 elevar og 40 tilsette på skulen. I tilknytning til skulen er ein eigen idrettshall som er aktivt i bruk på dag og kveldstid. Lye skule har eit flott nærmiljø som er godt tilrettelagt for tur og uteskule. Lye skule arbeider for eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane og er sertifisert Olweusskule. Skulen har eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette.Visjonen til Lye skule er "Lye skule er ein god stad å vera og ein god stad å læra". Me er opptekne av å sikra eit godt læringsmiljø der den enkelte elev vert teken på alvor og sett kvar dag. Me har tru på at god læring og trivsel skaper inkludering og at me lærar beste i fellesskap med andre.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:18.05.2024Arbeidsgivar:Time kommuneStad:BryneStillingstittel:Lærarstilling på Lye skuleStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4787985691Startdato:01.08.2024Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Planlegge og gjennomføre undervisning, og vurdere elevane si læring både fagleg og sosialt i tråd med LK20
  • Ha ein inkluderande praksis som er tilrettelagt for alle elevar
  • Arbeide i profesjonsfellesskapet, som blant anna inneber trinnsamarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid med meir
  • Delta aktivt og engasjert i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid saman med kollegaer
  • Samarbeide med andre faginstanser når dette er aktuelt
  • Bidra til eit godt skule - heim samarbeid
Kvalifikasjonar
  • Allmennlærar, GLU 1-7 eller GLU 5-10. Andre søkarar med pedagogisk utdanning vil og bli vurdert, så lenge utdanninga er i tråd med krav i opplæringslov og forskrift til opplæringslov.
  • God digital kompetanse , alle tilsette og elevar nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid
  • God på samarbeid, og kan spela på lag med andre
  • Ser og møter den enkelte elev der hen er, god på relasjonsbygging
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
  • Eit kollegium som jobbar etter visjonen "Lye skule, ein god plass å vera, ein god plass å læra".
  • Eit kollegium som spelar på lag, og gjer kvarandre gode.
  • Eit kollegium med god trivsel og godt humør.
  • Eit kollegium som held seg fagleg oppdatert.
  • Lønn etter tariff/avtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Aktuelle søkarar blir kontakta og intervjua fortløpande.Adresse: Kvartsvegen 5, 4347 Bryne, NorgeKontaktinformasjonSigrid Hinnaland KjetlandRektorOm arbeidsgivaren"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevarTime kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Time kommune

Lignende stillinger

  • Avdelingsleiar Bryne skule

    Time kommune

    • Bryne, Rogaland
    Ved Bryne skule er det ledig fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2024 Bryne skule er ein flott skule i Bryne sentrum. Skulen er ein ærverdig og tradisjonsrik skule som fei…
    • 7 dager siden
  • Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune

    Time kommune

    • Bryne, Rogaland
    Det vil til tider vera behov for ringevikarar til dei ulike kommunalområda i Time kommune. Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer kva for eit område du kan tenka deg å jo…
    • 7 dager siden
  • Avdelingsleiar Bryne kompetansesenter

    Time kommune

    • Bryne, Rogaland
    Ønsker du å jobbe med leiing i vaksenopplæringa, er dette moglegheita for deg! Stillinga er ledig frå 1. august 2024. Bryne kompetansesenter (BKS) ligg sentralt plassert på Bryne…
    • 3 dager siden