Prosjektleiar tunneloppgradering

  • Molde, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 10 dager siden
Tunneloppgradering i Møre og Romsdal
Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal har mange tunnelar som treng oppgradering. Behov for tiltak varierer frå tunnel til tunnel, men målet med prosjekta er at dei skal bli sikrare å ferdast i. Prosjekta er krevjande og forutset god planlegging og oppfølging i byggeperioden. Vi er allereie i godt i gang med Selvågtunnelen og dei komande åra planlegg vi oppgradering av blant anna Eiksundtunnelen og Atlanterhavstunnelen.Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi
har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for eit kontorstad du ønsker å arbeide ved.Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av
fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing,
byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til
veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, bygging av Nerlandsøybrua, tunneloppgradering og ei rekke andre bruer og ferjekaierArbeidsoppgåver Som prosjektleiar hos oss vil du:
- Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet
- Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering.
- Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.
- Rapportere til prosjektsjef og bistå prosjektsjef i styringa av seksjonen.
- Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din.Kvalifikasjonar - Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande. Relevant
erfaring kan kompensere for kompetansekravet.)
- Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg.
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse BPersonlege eigenskapar - Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Du er utviklings- og løysningsorientert
- Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskaparVi tilbyr " ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtaleKontaktinformasjon Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119,
Ole Jan Tønnesen, Fylkesvegsjef, 92029592,Arbeidsstad Julsundvegen 9
6412 MOLDENøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5002915939
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025Kontaktpersoner for stillingenOle Jan TønnesenFylkesvegsjef92029592Kopier telefonnummerKopier e-postadresseTorbjørn VatneholProsjektsjef97714119Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måteFylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Lenke til --
(mrfylke.no)SektorOffentligNettsted

NAV