Sjukepleiar/Vernepleiar natt 50%

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Om stillingaSeksjon Tidleg psykose Sandviken (TPS), er ein lukka utgreiingspost for unge nysjuke, lokalisert ved Sandviken sjukehus. TPS skal gi tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Tilbodet er til unge nysjuke i alderen 16-30 år med både rusproblem og dei utan. Pasientgruppene er delt inn i to fråskilde områdde.Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å legge til rette for forsking. TP har 15 (7 + 8) sengeplassar. Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar/hjelpepleiar, assistentar inngår i tverrfagleg team, saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog og sosionom. Treningsterapeut bidrar til å legge til rette for fysisk aktivitet. Vi har også erfaringskonsulent.Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.Tidleg psykose har 50% fast stilling på natt for sjukepleiar eller vernepleiar, arbeid pt kvar 3. helg.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:23.09.2025Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStad:BERGENStillingstittel:Sykepleiar-VernepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:50Webcruiter-ID:4994212549Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Pasientoppfølging som inneber oppfølging av miljøterapeutiske tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
  • Tverrfagleg teamarbeid
  • Observere og dokumentere
  • Ein-til-ein kontakt og støttesamtalar
  • Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Ønskeleg med interesse for og eventuelt erfaring med unge menneske med psykose/schizofreni og eventuelt menneske med rusutfordringar
  • Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
Personlege eigenskapar
  • Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
  • Vi ønsker engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeidsvillig og serivceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • Lojal, roleg og tolmodig
  • Må vere personleg eigna til arbeidet
Vi tilbyr
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Sandviksleitet 1, 5036 BERGEN, NorgeKontaktinformasjonCathrine Mjøs KristiansenSeksjonsleiarNora Kjerpeseth KvellestadAssisterande seksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen