Helgestilling(ar) med arbeid kvar 3. helg og ringevikarar

Vindafjord kommune

  • Vindafjord, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 19 dager siden
Me søker:Ringevikarar til heimetenesta i indre og ytre sone. Det kan vera du som er skuleelev, student eller helsefagarbeider. Me legg opp til arbeid to helger på seks veker, ringevikar utanom dette. I indre sone (base Ølen) er førarkort nødvendig, men i ytre sone (base Vindafjordtunet) treng ein ikkje har førarkort, men du må vera 17 år eller meir.Hovudarbeidsoppgåver:
  • Du vil bidra direkte til våre brukarar ved å gje ei god teneste med å ta i vare det generelle pleie og omsorgsbehovet til våre heimebuande tenestemottakarar
  • Du må bidra med å bygga eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeide godt med kollegaer
  • Du vil få god opplæring til å utføre dette arbeidet
Kvalifikasjonar:
  • Du er helsefagarbeidar eller elev/student innan helse
  • Du som er ufaglært, men har intresse for å arbeida med mennesker kan og søkja
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
  • Du ynskjer å vera med på å gjera ein forskjell i kvardagen til våre tenestemottakarar og trivast i lag med eldre
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskap og kunne kommunisere bra
  • Du må ha grunnleggjande datakunnskap
  • Du må vera positiv, ansvarlig og ha godt humør
Me kan tilby:
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Vindafjord kommune

Lignende stillinger

  • Vikar som sjukepleiar 80 - 100%

    Vindafjord kommune

    • Vindafjord, Rogaland
    Me søker: Fleksibel og engasjert sjukepleiar til vikariat 80 - 100% i heimetenesta indre sone ledig etter avtale til og med 31.8.2025 med mogeligheit for forlenga. Kvalifikasjo…
    • 19 dager siden
  • Utekontrollør - Stord

    Statens vegvesen

    • Stord, Vestland
    Utekontrollør - Stord Ønsker du å bidra til økt sikkerhet på veien? Bli vår nye utekontrollør for tunge kjøretøy! Om stillingen Utekontrollavdelingen i Statens vegvesen har a…
    • 18 dager siden
  • Assistent BPA

    • Vindafjord, Rogaland
    Jeg søker etter flere assistenter som ønsker å jobbe i mitt team. Jeg er en voksen mann som har diagnosen MS multiple sklerose. Dette vil si at jeg trenger hjelp til alle mine dagl…
    • 2 måneder siden