Likar du å jobbe med born og unge? Eller har du lyst til å sjå om det kan vere rette karrieren for deg? Då bør du søkje hos oss no

BULANDET SKULE

  • Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 7 timer siden
Vi har frå snarast ledig 40% mellombels stilling som fagarbeidar / assistent ved skulefritidsordninga (SFO) ved Bulandet skule.Stillinga er mellombels til 23.06.2026. Arbeidsoppgåvene vil innebere å ha ansvar for skulefritidsordninga måndag, tysdag, torsdag og fredag på ettermiddagstid og heile dagen onsdag.Arbeidsoppgåver:
  • Arbeid med barna i SFO i samsvar med rammeplan for SFO
  • Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
  • Medverke til godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev i barne - og ungdomsarbeidarfaget. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre utan fagbrev bli tilsett.
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:Vi søkjer deg som:
  • er leiken og open og likar faglege utfordingar
  • er lagspelar og har gode samarbeidsevner
  • trivst i lag med barn
Vi tilbyr:
  • interessante og kjekke arbeidsoppgåver
  • eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • god forsikring
  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Fagarbeidarar får kr. 20000 utover sentralt løns- og stillingsregulativ, jf.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.Politi- og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenLinda LandøyRektor+47 95773768 +47 57730755Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBulandet skule er norges vestlegaste skule og er ein 1 - 10 skule med ca 30 elevar. Skulen er samlokalisert med Bulandet barnehageSektorOffentlig

BULANDET SKULE

Lignende stillinger

  • Overlegevikariat ved Mottak barn og unge

    HELSE BERGEN HF HABILITERINGSTJ FOR BARN OG UNGDOM

    • Bergen, Vestland
    Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og …
    • 7 dager siden