Arkivfagleg seniorkonsulent eller rådgjevar (midlertidig)

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 17 dager siden
Arkivfagleg seniorkonsulent eller rådgjevar (midlertidig)Bidra til at arkiva våre kan brukast – i dag og i framtida!Kva vil du gjera hjå oss?Kven er du?Me ser etter deg som har utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå eller høgare, innan arkivfagleg relevante humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet.Du har god norsk språkforståing og meistrar begge målformer skriftleg, og er gjerne komfortabel med å lese eldre typar handskrift.Du har særs gode relasjons- og samarbeidsevner, og trivst med høgt arbeidspress og er effektiv. Du likar moglegheita til å samarbeide tett med erfarne kollegaer og forstår verdien av kunnskapsdeling, men kan òg prioritere eiga tid og eigne oppgåver.Me har ei tillitsbasert leiing og utstrekt fjernleiing, noko som både stiller krav til deg og gjev deg stor fridom. At du er personleg eigna til oppgåvene, vil difor vere ein viktig del av vurderinga vår.Det er ein fordel om du har kjennskap til ordning og registrering av papirarkiv, katalogisering og programvara ASTA. Me ser helst at du har 2–5 års erfaring med relevant arbeid.Kva kan du forvente?Møt medarbeidarane våre her!Høyr meir frå medarbeidarane våre i Nasjonalarkivet om korleis det eigentleg er å jobbe hjå oss! 👉Kva får du hjå oss?Som organisasjon har me ein uformell kultur, stor kompetansebreidde, og fagleg sterke miljø fordelt på våre 11 ulike arbeidsstadar.I Bergen er me 16 tilsette som jobbar med alt frå mellomalderdokument, mottak av nyare arkiv frå statleg og privat hald, betener lesesal, gir publikum tilgang til rettsinformasjon og publiserer nytt innhald i Digitalarkivet. Me er glad i å samlast og diskutere både fag og bybanen – torsdagskaffen prøver me alle å få med oss! Her er det god tilgang til offentleg transport og tilsettparkering. Det er òg høve til trening i arbeidstida, anten i treningsrom eller ved å ta i bruk dei gode turvegane i nærområdet.I tillegg set våre tilsette pris på våre trygge rammer som:Fleksibel arbeidstid med kjernetid, samt sommartid, trening i arbeidstida og gode ordningar foravspasering. Dette støttar ein sunn balanse mellom arbeid og privatliv. Konkurransedyktige vilkår med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse, kor arbeidsgivar betalar det meste av pensjonspremien - her vert berre 2 % trekt frå løna di.Stillinga som seniorkonsulent (1363) lønast med 520.000-600.000 kr. per år. Stillinga som rådgjevar (1434) lønast med 540.000-660.000 kr. per år. For å kvalifisere til stillinga som rådgjevar må du ha bachelor eller mastergrad og nokre års relevant arbeidserfaring.For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.Om NasjonalarkivetNasjonalarkivet tek vare på arkiv frå statleg og privat sektor. Vi leverer tenester til offentleg forvaltning i form av standardar, regelverk, rettleiing og tilsyn.Samfunnsoppdraget vårt vil krevje store omstillingar i ei digital tidsalder, der vi har som mål å tilby effektive og sjølvbetente løysingar. Vi skal både rettleie arkivskaparar og gjere Noregshistoria tilgjengeleg for publikum. Vi er nasjonen sitt minne og notida sine arkivvoktarar.Les meir på www.nasjonalarkivet.noMe oppfordrarI Nasjonalarkivet trur me at me utviklar dei beste løysingane når me får inn ulike perspektiv og erfaringar. Vårt mål er å spegle heile spekteret av samfunnet me tener.Difor oppmuntrar me alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion, eller etnisk tilhøyrsle. Me arbeider aktivt for å skape eit arbeidsmiljø kor alle har like moglegheiter, og me forpliktar oss til å legge arbeidstilhøva til rette for å møte dine behov.Arbeidsstad: Årstadveien 22, 5009, BergenTil informasjonI samsvar med offentleglova § 25 vil det liggje føre ei offentleg søkjarliste etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å stå på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unnateken. I slike tilfelle vil søkjarane bli informerte før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden.

Nordland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • HR-rådgiver

    Den norske kirke

    • Bergen, Vestland
    Oppgaver og ansvarsområder I denne stillingen vil du ha ansvar for rekrutteringsprosesser ha fagansvar og ansvar for å saksbehandle på utvalgte områder, som for eksempel visums…
    • 6 timer siden
  • HR-rådgiver

    Sjomannskirken

    • Bergen, Vestland
    Om stillingen Til denne stillingen ser vi etter deg som ønsker å bruke din HR-kompetanse i en verdibasert organisasjon. Du blir en viktig del av støttefunksjonen for å skape mest…
    • 10 timer siden