Avery Dennison søkjer no ein engasjert Materialspesialist / Teknisk leverandørutviklar for eit 1-årig engasjement.Er du ein talentfull Materialspesialist / Teknisk leverandørutviklar med lidenskap for innovasjon og evne til å byggje sterke relasjonar? Har du bakgrunn innan kjemi, kjemiteknikk, polymervitskap eller materialvitskap? Då er dette ein fantastisk moglegheit for deg! Som ein del av vårt team vil du:Bidra til å identifisere og utvikle våre globale leverandørar.Vera eit viktig bindeledd mellom interne team og eksterne leverandørar.Drive kontinuerleg forbetring og sikre høgaste standardar for råmaterial.Føre tilsyn med prosjekt og løyse komplekse utfordringar.Proaktivt speide etter innovative material og teknologiar. Kvalifikasjonar og krav:Utdanning: Bachelorgrad innan kjemi eller liknande.Erfaring: Minimum 1-3 års teknisk erfaring.Gode kommunikasjonsemner.Flytande engelsk, skriftleg og munnleg.Reise: Vilje til å reise nasjonalt og internasjonalt til produksjons- og leverandørstader.Kvalifikasjonar og krav kan fråvikast ved rett kandidat. Fordel om du har:Forståing for blekkformulering, fargekjemi, pigment, harpiks/bindemiddel og løysemiddel.Erfaring frå å jobbe i ei global organisasjon.Vi gler oss til å høyre frå deg!Les meir og søk på vår nettside: www.averydennison.com eller send ein enkel søknad tilOm bedriftenAvery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapets teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med produksjon i over 50 land og med meir enn over 36 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar.Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportsklede, arbeidsklede og andre profilerte artiklar. Fabrikken er lokalisert 30 minutt frå Sogndal, omringa av flott natur med unike moglegheitar for friluftsliv. Det er her me har utviklet teknologi og produsert transfers i over 35 år. Våre 180 tilsette, fordelt over heile 24 ulike nasjonalitetar, leverer produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Avery Dennison NTP var tidleg ute med digitalisering, og har dei siste 15 åra fokusert hardt på utvikling av eigne datasystem til både tilsette og våre kundar. Det har gjeve oss et stort konkurransefortrinn, og det har bidratt stort til å lande store kundar som Premier League, Real Madrid, Liverpool FC med flere. Me sel no like mykje til den utanlandske marknaden som me sel til den norske.Les meir på www.averydennison.com.SektorPrivat