Funksjonsleder, gynekologisk leger

Helse Fonna

  • Haugesund, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaVi søkjer funksjonsleder leger i Haugesund!Eininga har 11 overlegestillingar og 8 LIS-stillingar. Avdelinga har 1300 fødslar årleg med fødande frå Haugesundsregionen, samt risikofødslar frå Stord og Odda. Avdelinga har høg kvalitet i både gynekologi og fødselshjelp. Fertilitetseininga ved Helse Fonna er mellom dei fremste i landet.Startdato: SnarastNøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.05.2024Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:Haugesund,Stillingstittel:GynekologStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4800822999Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Ansvarlig for fag, turnus og økonomi for avdelingen
  • Vaktarbeid
  • Stillinga er organisatorisk underlagt avdelingsleder føde- og gynekologisk avdeling
Kvalifikasjonar
  • Relevant sjukehuserfaring.
  • Erfaring frå arbeid i tverrfagleg team.
  • For stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, og spesialistgodkjenning innan gynekologi.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
  • Motivert for ledelse
  • Sjølvstendig, samtidig må kunne fungere godt i team ..
  • Ansvarsbevisst.
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande avtale.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og Fritidsulykkeforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Fagleg og personleg utvikling.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Haugesund sjukhus, 5504 Haugesund, NorgeNorgeKontaktinformasjonSidsel Petrine VetåsAvdelingsleiarOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå . Følg oss også gjerne på .

Helse Fonna

Lignende stillinger

  • Overlege i kardiologi

    Helse Fonna

    • Haugesund, Rogaland
    Om stillinga Vil du bli vår nye overlege innan kardiologi? Vi har ledig stilling frå 1. september 2024. Ansettelsestidspunkt kan endrast etter avtale. Fagområdet kardiologi er …
    • 18 dager siden
  • Ønsker du å bli fastlege i Karmøy?

    Karmøy kommune

    • Karmøy, Rogaland
    Karmøy kommune ligger i Nord-Rogaland og er regionens største kommune med mer enn 43000 innbyggere, tre småbyer og flere tettsteder ( ). Hos oss finner du et godt bo- og oppvekstmi…
    • 10 dager siden
  • Ønsker du å bli fastlege i Karmøy?

    Karmøy kommune

    • Karmøy, Rogaland
    Om stillingen Karmøy kommune ligger i Nord-Rogaland og er regionens største kommune med mer enn 43000 innbyggere, tre småbyer og flere tettsteder ( ). Hos oss finner du et godt b…
    • 1 måned siden