Avdelingsleiar - Koordinerande eining

Alver kommune

  • Alver, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Avdelingsleiar - Koordinerande einingVil du vere med å utvikle og leie ei ny avdeling med stor betydning for brukarar og familiar?Om stillingaKoordinerande eining er ei nyoppretta avdeling som har eit overordna ansvar for samhandling og koordinering av tenester til personar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Avdelinga skal medverke til at brukarar får naudsynt oppfølging, og at det vert utarbeidd og følgt opp individuelle planar der dette er aktuelt. I tillegg har avdelinga ansvar for organisering og tildeling av fritidskontaktar.Som avdelingsleiar vil du få ein unik mogelegheit til å etablere og forme den nye avdelinga!Om ossAvdelinga har ansvar for koordinatortenesta og fritidskontakttenesta (støttekontakt). Koordinatortenesta omfattar koordinatorar, barnekoordinatorar og arbeid med individuell plan (IP). Som leiar vil du få ei sentral rolle i å sikre heilskapleg, koordinert og brukarretta tenesteyting på tvers av sektorar og nivå.ArbeidsoppgåverSom avdelingsleiar vil du ha:
  • Personal- og fagansvar for tilsette i avdelinga, 6,5 årsverk inkludert leiar
  • Ansvar for utvikling og kvalitetssikring av koordinatortenesta og fritidskontakttenesta
  • Samarbeid med andre einingar og samarbeidspartnarar innan helse, omsorg, oppvekst og NAV
  • Ivareta avdelinga sitt systemansvar for opplæring og rettleiing av koordinatorar og barnekoordinatorar
  • Ansvar for å følgje opp og implementere relevant lov- og regelverk
KvalifikasjonskravKven er du?
  • Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du er ein trygg leiar som evnar å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er god på tverrfagleg samarbeid og brukarorientering
  • Du har evne til å sjå både heilskap og detaljar – og trivst med ansvar
  • Du er løysingsorientert, engasjert og fleksibel
  • Du ynsker faglege utfordringar
  • Du har fagleg tryggheit og evne til å bidra inn i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
  • Du ser på forbedring av tjenester som en kontinuerlig prosess
  • Du er robust og har høg arbeidskapasitet
Personelg eignaheit som nemnt over vil bli vektlagtAktuelle lover og forskrifterVi tilbyrVi er ein organisasjon i læring!Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Bidrag til utvikling vert godt mottatt.Vi er AlverVi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Om tenesteområdet Psykisk helse og rusTenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.

Alver kommune