Rådgivar/ingeniør - avløp og forureining

Klepp kommune Se alle jobber

  • Klepp, Rogaland
  • Fast
  • Fulltid
  • 23 dager siden
Om stillingaVil du vera med å bidra til reinare vassdrag?Då er dette jobben for deg. Klepp kommune har fleire vassdrag med dårleg vasskvalitet, og gamle, private avløpsanlegg, er ein av fleire årsaker til dette. Denne stillinga vil ha som hovudoppgåve å følgje opp desse anlegga, samt å vurdere kven som kan knytast til offentleg avløpsnett. Du blir ein del av verksemda kommunalteknikk, me har ansvar for samferdsel, park- og uteområder, vatn og avløp, renovasjon og klima og miljø. Du kan også bli involvert i andre saker som er innanfor vårt ansvarsområde.Klepp kommune har 21 000 innbyggarar. Landskap og natur i kommunen er prega av eit bølgande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender mot storhavet. Kommunen har et flatemål på 115 km2 og ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar.Hausten 2026 flytter me inn i nytt rådhus i Klepp sentrum. Då blir me ein del av Plogen kulturhus og som tilsett hjå oss får du jobbe i eit kontorfellesskap i eit unikt bygg som er fullt av aktivitet frå morgon til kveld.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:20.04.2026Arbeidsgivar:Klepp kommuneStad:Klepp stasjonStillingstittel:Rådgiver/ingeniør - avløp og forureiningStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5094538259Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Rettleiing og informasjonsarbeid
  • Behandle søknadar knytt til private avløpsanlegg
  • Gjennomføre tilsyn og kontroll og følgje opp med nødvendig saksbehandling
  • Vurdere tilknytningsplikt til kommunalt avløpsnett
  • Delta i andre arbeidsoppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
  • Du har relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innanfor tekniske fag eller miljøfag
  • Du har helst erfaring frå kommunal saksbehandling og offentleg forvaltning
  • Du har kunnskap innan ein eller begge fagområda avløpsanlegg og vasskvalitet
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til ulike kartverktøy (Gemini VA, Kommunekart m. fl.)
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til lover, forskrifter og regelverk knytt til fagområda
  • Du meistrar godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du har god digital kunnskap
  • Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som
  • er miljøengasjert og bryr deg
  • likar å formidle og å treffe folk
  • likar å samarbeide, både med kollegaer og innbyggarane i kommunen
  • kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • er praktisk anlagt og kan finne gode løysingar
  • står støtt når du blir utfordra
Vi tilbyr
  • Ein jobb som er viktig for vasskvalitet og miljø
  • Bredt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Faglege utfordringar og rom for vidareutvikling
  • Godt arbeidsmiljø der trivsel og fag er viktig
  • Fleksitid
  • Lønn etter avtale
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysningen og dei lovar og reglar som gjeld til ei kvar tid.Adresse: Klepp kommune, Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon, NorgeKontaktinformasjonKjersti Marita OhrVerksemdleiarOm arbeidsgivarenKlepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Klepp kommune

Lignende stillinger

  • Seniorrådgiver - Vann og Avløp

    Talentor

    • Stavanger, Rogaland
    Sweco er Europas største arkitekt- og ingeniørvirksomhet, med sterk lokal tilstedeværelse i Stavanger. Vi kombinerer solid fagkompetanse med tverrfaglig bredde og jobber tett samme…
    • 1 måned siden