Stipendiat i digital kultur – 2 stillingar

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Stipendiat i digital kultur – 2 stillingarUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i digital kultur – 2 stillingarVelkommen som søkjar til to stipendiatstillingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Planlagd oppstart er 01.09.2024, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiumInstituttet har om lag 80 vitskaplege tilsette, 15 administrativt tilsette, og om lag 40 stipendiatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. LLE er óg stolt vertskap for eit senter for framifrå forsking, Senter for digitale forteljingar, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.Om prosjektetProsjektet «Algorithmic folklore: The mutual shaping of vernacular creativity and automation» (ALGOFOLK) er finansiert av Trond Mohn Forskingsstiftelse, leia av Gabriele de Seta. Prosjektet studerer korleis algoritmar endrar forholdet mellom kreativitet og automatisering over heile kloden, ved å bruke ein kombinasjon av etnografisk forsking og metodar frå digital humaniora. Les meir om prosjektet her: .Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, digital humaniora, medieantropologi, digital sosiologi, medievitskap, teknologi- og vitskapsstudium, eller anna relatert fagfelt innan humaniora og samfunnsvitskap (med interesse for algoritmisk kultur eller liknande emne). Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjar må skrive eit prosjektforslag (maks. 3 sider) i tråd med måla for ALGOFOLK-prosjektet, det vil seie å bruke metodar frå samfunnsvitskap og digital humaniora til å studere forholdet mellom algoritmisk automatisering og folkeleg kreativitet i ei global kontekst, med ei bestemt vekt på både EU og det globale sør. Prosjektforslaget må resultere i ei doktorgradsavhandling.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter .Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalane til søkjarane, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, kor relevante dei er for prosjektet og deira regionale representasjon i ALGOFOLK-prosjektet, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det blir videre lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.Om stipendiatstillinga:Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søke.Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Om forskarutdanningaStipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjend midtvegsevaluering. Trykk for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr 532 200. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Slik søkjer du stillinga:Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga og ein fullstendig prosjektbeskriving kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: , telefon: +47 55 58 36 52 eller prosjektleiar Gabriele de Seta, e-post: , telefon: + 47 920 99 270.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: .Nærare om tilsettingsprosessen .Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Kunnskap som formar samfunnetUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. og

Universitetet i Bergen

Lignende stillinger

  • Postdoktor i digital kultur – 2 stillingar

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Postdoktor i digital kultur – 2 stillingar Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til ei…
    • 13 dager siden
  • Arkeolog maritim kultur

    Museum Vest

    • Bergen, Vestland
    Arkeolog maritim kultur Er du utdannet arkeolog og interessert i maritim kultur? Om stillingen Bergens Sjøfartsmuseum søker etter to arkeologer i 100% engasjementsstillinger …
    • 13 dager siden
  • Stipendiat i ultralyd-akustikk

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Stipendiat i ultralyd-akustikk UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samf…
    • 11 dager siden