Ergoterapeut
Helse Førde Se alle jobber
- Førde, Vestland
- Fast
- Fulltid
Ergoterapiseksjonen består av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som legg stor vekt på:
- kvalitet
- fagleg utvikling
- kunnskapsbasert praksis
- kontinuerleg vidareutvikling av tenestene våreVi arbeider målretta for å gi pasientane eit godt og tilpassa tilbod.Som del av seksjonen, får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit utviklingsorientert miljø med høg fagleg standard. Vi tilbyr gode moglegheiter for læring, fagleg påfyll og høve til å påverke eigen arbeidskvardag.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:14.04.2026Arbeidsgivar:Helse FørdeStillingstittel:ErgoterapeutStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5105571411Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene i stillinga er varierte og spenner breitt innan ergoterapifaget. Du vil ha oppgåver både ved FMR-sengepost og poliklinikk, og vere ein aktiv del av det tverrfaglege samarbeidet rundt pasientane. Arbeidet omfattar kartlegging, vurdering og rehabiliteringsretta oppfølging av pasientar med ulike funksjonsnivå og behov.
- Stillinga inneber òg deltaking i Helse i Arbeid, både gjennom bedriftsretta tiltak og individtiltak.
- Det kan vere aktuelt å bidra i fagutvikling, kvalitetsarbeid og tverrfaglege prosjekt i avdelinga. Det må påreknast at ein tek andre oppgåver etter behov, i tråd med seksjonen sine prioriteringar og utvikling.
- Du blir ein del av eit fagleg fellesskap på åtte ergoterapeutar og vi samarbeider tett med andre yrkesgrupper.
- Norsk autorisasjon ergoterapeut
- Høgskule/universitet, diplom og bachelorgrad
- Det er ønskjeleg med erfaring eller praksis frå sjukehus
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Vi søker etter deg med gode samarbeidsevner, evne til å jobbe sjølvstendig og med fleksibilitet til å ta nye oppgåver på kort frist.
- Personlege eigenskaper blir tillagt stor vekt.
- Den som blir tilsett blir ein del av eit aktivt tverrfagleg miljø, med gode kollegaer og spennande arbeidsoppgåver
- Vi kan tilby ein utfordrande og variert jobb, nært samarbeid med andre faggrupper og tilhøve for fagleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar