100% vikariat som lærar / miljørettleiar ved OppMot læringssenter

ULLENSVANG KOMMUNE OPPMOT

  • Odda, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Vi søkjer engasjert lærar / miljørettleiar ved OppMot Læringssenter.Oppstart etter avtale.OppMot læringssenter er ein del av det spesialpedagogiske grunnskuletilbodet i Ullensvang kommune. OppMot jobbar med samhandling, sosial kompetanse, livsmeistring, relasjonsbygging, psykisk helse. Tenesta arbeider førebyggjande med fokus på samhandling i grupper, fremming av sosial/emosjonell læring, tru på eigne ressursar.Undervisninga skjer gjennom gruppebasert opplæring og finn stad ved alternative arenaer. Tenesta legg vekt på høg elevaktivitet og praktiske arbeidsmetodar. Tenesta har særskilt fokus på grunnleggande ferdigheter, relasjonsbygging og utvikling av sosial kompetanse. Dei tilsette på OppMot arbeidar både individretta og systemretta.OppMot støtter skulane i arbeid med klassemiljø og inkluderande fellesskap. Elevar som får tilbod ved OppMot Læringssenter har vedtak i opplæringslova.Det er fire fast tilsette ved OppMot læringssenter, og to mellombels stillingar. Verksemda har base på Digranes gamle skule og disponerer eigen bil. OppMot er fast deltakar i kommunens ressursteam som arbeider på systemnivå. OppMot kan og delta i ambulerande team i samarbeid med grunnskulane.Vi søkjer deg som har:Engasjert og motivert lærar med godkjent lærarutdanning for grunnskolenEngasjert og motivert vernepleiar, barnevernspedagog eller med annan godkjent relevant høgskuleutdanning for arbeid i skule og SFO.Erfaring med, og interesse for arbeid med enkeltbarn som treng tett oppfølging.Har eit positivt elevsyn og trur på at alle elevar kan lukkast.Er dyktig til å byggje gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer.Er fleksibel, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner.Er ein god lagspelar som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø.Er fagleg sterk og held deg oppdatert på ny forsking og utvikling i skolen.Er god på å skape eit trygt og godt læringsmiljø.Er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.personlege eigenskapar vil bli vektlagtHar førarkort klasse B.Me tilbyr:Ein spennande og meiningsfull jobb i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.Engasjerte og positive kollegaer som brenn for elevane.Varierte og spennande arbeidsoppgåverEit godt pedagogisk utviklingsmiljø og tett samarbeid med støttetenester og skular.Moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing.Lønn etter avtaleverkArbeidsstad i naturskjønne Ullensvang kommune.Krav:politiattestEr du den vi søkjer?Vi ser fram til å høyre frå deg!Sletting av utdanningsgjeld/studielån:Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenLeander Djønne+47 41182202 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

ULLENSVANG KOMMUNE OPPMOT

Lignende stillinger

  • Lærar i fellesfag

    ODDA VIDAREGAANDE SKULE

    • Odda, Vestland
    Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivite…
    • 3 timer siden
  • 100% stilling som lærar ved Opedal skule

    • Odda, Vestland
    100% fast stilling som lærar på Opedal skule i Ullensvang kommune. Opedal skule ligg vakker til midt i Lofthus i Hardanger. Skulen er ein 1.-7. skule med 110 elevar og 22 tilsett…
    • 3 dager siden
  • 100% stilling som lærar ved Kinsarvik skule

    • Odda, Vestland
    100% fast stilling som lærar på Kinsarvikskule i Ullensvang kommune. Om skulen Kinsarvik skule er ein 1.- 10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 166 elevar, og omlag 40 til…
    • 3 dager siden