Undervisningsstilling kunst, design og arkitektur

Vestland fylkeskommune Se alle jobber

  • Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 dag siden
ArbeidsoppgåverVoss gymnas har ledig 36% vikariat på utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur frå 01.08.2026 til 30.07.2027.Kvalifikasjonar
  • Høgskuleutdanning/universitetsutdanning.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskaparDu som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats. Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.Vi tilbyrHjå oss får du:
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Adresse: NorgeKontaktinformasjonKnut BrunvollAvdelingsleiarE-post: knut.brunvoll@vlfk.noOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Undervisningsstilling Helse- og oppvekstfag

    FORDE VIDAREGAANDE SKULE

    • Høyanger, Vestland
    Skulen har ledig undervisningsstilling i helse- og oppvekstfag i Høyanger. Førde vidaregåande skule har om lag 1000 elevar og 220 tilsette, og er den største vidaregåande skulen …
    • 1 dag siden
  • IAM-konsulent

    ITEAM AS AVD FORDE

    • Førde, Vestland
    Som IAM-konsulent (Identity and Access Management) i iteam får du en sentral rolle i å utvikle og implementere moderne løsninger for identitets- og tilgangsstyring. Du vil jobbe me…
    • 1 dag siden