Psykolog

Helse Fonna Se alle jobber

  • Haugesund, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 23 dager siden
Om stillingaNevropsykologisk poliklinikk høyrer til Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna. Poliklinikken er i ei særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre.Pasientane kjem hovudsakleg frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinjetenesta. Poliklinikken har seks psykologstillingar og eit godt utstyrt nevropsykologisk testlaboratorium med tre testteknikarstillingar.Avdeling psykisk helsevern Haugesund, der poliklinikken held til, har eit sterkt fagmiljø innan utgreiing av kognitive funksjonar. I tillegg til Nevropsykologisk poliklinikk omfattar miljøet både Lærevanske- og utviklingsforstyrringspoliklinikken og Eldremedisinsk poliklinikk, der det i dag er tre psykologar i spesialisering og ein psykologspesialist.Poliklinikken er lokalisert i Avdeling psykisk helsevern Haugesund, der du blir del av eit sterkt fagmiljø innan kognitiv utgreiing. Her finn du òg Lærevanske- og utviklingsforstyrringspoliklinikken og Eldremedisinsk poliklinikk, med fleire psykologar i spesialisering og psykologspesialist.Seksjonen har nær tilknyting til forskingsmiljøet i helseregionen, og vi har i dag tre tilsette med ph.d. Det er ein fordel om du har interesse for forsking, men det er ikkje eit krav.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:23.04.2026Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:NevropsykologStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5101713140Startdato:31.08.2026Sosial deling :Kva går jobben ut på?
  • Nevropsykologisk poliklinikk har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Psykolog med norsk autorisasjon.
  • Du må enten ha spesialisering i nevropsykologi eller ha interesse for å bli spesialist i nevropsykologi.
  • Erfaring eller interesse for nevropsykologiske undersøkelser og testverktøy.
  • Norskkunnskaper, C1 nivå påkrevd for personer utan norsk som hovudmål.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som er:
  • Strukturert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjert
  • Like varierte utfordringar
Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring.Kvifor skal du velje oss?
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom NPF og Helse Fonna HF.
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • For psykologar i spesialisering tilbyr vi eit komplett utdanningsforløp, med opptjening av ei veke permisjon per år for å skrive spesialistoppgåva.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonMonica Haraldseid BreitveFunksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .

Helse Fonna

Lignende stillinger

  • Psykologspesialist/psykolog

    Helse Fonna

    • Haugesund, Rogaland
    Om stillinga Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter Psykologspesialist / psykolog til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø i utvikling. Hos oss vi…
    • 2 dager siden
  • Psykologspesialist/psykolog

    HELSE FONNA HF HAUGALAND DPS POLIKLINIKK

    • Haugesund, Rogaland
    Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter Psykologspesialist / psykolog til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø i utvikling. Hos oss vil du bli ein vi…
    • 2 dager siden