For skuleungdom har vi sommaren 2026 ledig to stillingar som ferievikar ved eigedomsavdelinga. Vi treng nokon som kan arbeide frå ca. midten av juni til midten av august. Den som blir tilsett bør ha B-sertifikat, helst for bil med manuelt gir. Ungdom frå Giske kommune vert prioritert.Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:04.05.2026Arbeidsgivar:Giske kommuneStad:ValderøyaStillingstittel:Ferievikarar ved eigedomsavdelinga sommaren 2026Stillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:SommarjobbStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5104048439Sosial deling :ArbeidsoppgåverMindre drifts- og vedlikehaldsoppgåver som til dømes plenklipping, rydding og mindre malearbeid.Vi tilbyrLøn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.Adresse: Valderhaug 4, 6050 Valderøya, NorgeKontaktinformasjonRobert ValderhaugavdelingsleiarOm arbeidsgivarenGiske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.