Dagleg leiar / rektor

FIKSDAL FRISKULE SA

  • Fiksdal, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 20 dager siden
I løpet av hausten/vinteren har du mogelegheit til å tiltre ei kjempespennande stilling som dagleg leiar/rektor av den private skulen i Fiksdal. Du vil som daglig leiar ha hovudansvaret for å skape tryggje rammer for elevar, barn og tilsette i skulen, samt utvikle skulen vidare. Til denne oppgåva vil du ha hjelp av eit godt styre, lærarar og assistentar. ArbeidsoppgåverLeie og utvikle skule og SFO i samsvar med vedtatte strategiske mål, budsjett, læreplan, lovverk og overordnade føringar i tett dialog med styret.Leie og utvikle skulen i henhold til satsingsområda våre.Skape aktive og motiverte tilsette.Vere ansvarleg for tett og god dialog med foreldre.Ha det overordna pedagogiske ansvaret Personlige egenskaperDu er samarbeidsvillig og har evne til å sjå skule og SFO som eitt.Du er fleksibel -- du ser løysingar og kan trå til der det trengs.Du er glad i barn, og vaksne.Du har gode kommunikasjonseigenskapar.Du har forståing, interesse for og ser verdien av digital læringDu er ein tydeleg, motiverande og samlande leiar KvalifikasjonerRelevant høgare pedagogisk utdanningRektorutdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav.Du har økonomisk sans og forståingGode norskkunnskapar, både skriftleg og muntlegDu har gode leiareigenskapar og kan gjerne vise til leiarerfaring.Politiattest må fremleggjas før tilsetting Vi tilbyrEin veldreven skule og ein sikker arbeidsplassHøve for fagleg utvikling gjennom kurs, seminar og andre aktivitetarHøve for støtte til relevant videre-/etterutdanningLønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.Engasjerte og fagleg dyktige kollegarGode pensjons- og forsikringsordningarStillinga tiltres i løpet av hausten. Evt noko seinere om det må tilpassast noverande arbeidssituasjon. Spørsmål rundt stillinga kan rettast til konst.rektor Eli Vollset på telefon 980 04 421 eller e-post . Evt styreleiar Elisabeth Nakken på telefon 909 53 733 e-postSøknader behandles løpende, og utlysinga kan bli trukket uten nærmere varsel, om det inngås avtale med rett kandidat. Søknad med CV sendast snarest til eli.vollset@fiksdalfriskule.no Eller styreleiar elisabeth@fiksdalfriskule.noOm bedriftenFiksdal Friskule er ein privat skule og SFO, lokalisert i idylliske Fiksdal i Vestnes kommune. Der vi saman med nabobygdene er kjende for fantastisk natur, løysningsorienterte folk, breidt næringsliv og stor skaparglede. Vi har alt vi treng rett utanfor døra; Norges flottaste natur, fjell, skog, gapahukar, sjø, lysløyper, kunstgressbane, nærbutikk, kulturliv og mykje mykje meir. Fiksdal ligg sentralt plassert, 20 minutter fra kommunesenteret Vestnes, 45 minutt fra Ålesund sentrum, 1 time frå Åndalsnes sentrum og 1 time frå Molde. Innanfor 45 minutters køyretur frå Fiksdal ligg det nesten 50 000 arbeidsplasser og venter på oss. Skulen har sidan starten hatt ein jevn vekst, og har pr. i dag 35 elevar. Der er ein klar ambisjon om vidare vekst. Fiksdal Friskule er ein moderne skule, og har som grunnfilosofi;, kristen formålsparagraf, ein leksefri skule, stor grad av uteaktivitet/friluftsliv og fokus på gode matvanar og godt kosthold. Etter oppstarten i 2022 har skolen gjenomgått en omfattende renovering og modernisering. Og fremstår i dag som en flott arena for barna si eigenutvikling og arbeidsplass for lærarar og assistentar. Vi skal skape den skulen som alle vil ha sine elevar i, og der alle ønskjer å jobbe. Skulen sitt motto og slagord er; «Lære gjennom å gjere»SektorPrivatNettsted

FIKSDAL FRISKULE SA

Lignende stillinger

  • Rektor Aukra kulturskole, 100% stilling vikariat

    • Aukra, Møre og Romsdal
    Det er ledig 100% stilling, vikariat, som rektor for Aukra kulturskole frå og med 01.12.2025-30.11.2026 Beskriving av arbeidsstad Aukra kulturskole har ca. 280 elevplassar og 1…
    • 6 dager siden
  • Rektor kulturskole

    Aukra kommune

    • Aukra, Møre og Romsdal
    Det er ledig 100% stilling, vikariat, som rektor for Aukra kulturskole frå og med 01.12.2025-30.11.2026 Beskriving av arbeidsstad Aukra kulturskole har ca. 280 elevplassar og 1…
    • 6 dager siden
  • Avdelingsleder

    Ålesund kommune

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgaver Samarbeide med ledelsen om det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skolen Lede og følge opp det pedagogiske arbeidet på trinnene Planlegge, gjennomføre og følge…
    • 13 dager siden