Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenestaMe treng deg til nokon som har utfordringar i kvardagen.Om stillingaVil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø!Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg!Om oss: Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar.Vi ser etter deg som:
Er omsorgsfull og tolmodig
Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar
Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg og langvakter
Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid
Arbeid og ansvarsområdeMe tilbyr
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
gode pensjons- og forsikringsordningar
løn etter tariff (lokal stige for sjukepleiarar og vernepleiarar)
minimum 6 års ansiennitet for fagarbeidarar / tilsette med høgskuleutdanning
ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vårKvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det.
Personlege eigenskaparMe vil legge vekt på desse personlege eigenskapane:
imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig
fleksibel og løysningsorientert
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.Løns- og tilsetjingsvilkår
tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato
Det ynskjeleg med førarkort klasse B.Krav til språkDu bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.Generell informasjon om søknadsprosessenAurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.Om ossAurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.