
Sjukepleiarar på Øystre Slidre helsetun
- Heggenes, Innlandet
- Fast
- Fulltid
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. Førebygging og meistring består av heimeteneste, korttid/avlastning og omsorgsbustader. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.Avdelinga er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. I dag er vi ei teneste med mange flinke og dedikerte tilsette. Vi vil gjerne ha med deg på laget som har gode tankar og idear for korleis ein skaper best moglege tenester.Vi har ledig fleire sjukepleiarstillingar. Stillingane varierar frå 75-100%. Skriv kor stor stilling du ønskjer i søknaden din.Vi ser fram til å lese søknaden din! Søkjarar blir kontakta og innkalla til intervju fortløpande.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.12.2025Arbeidsgivar:Øystre Slidre kommuneStad:HeggenesStillingstittel:Sjukepleiarar på Øystre Slidre helsetunHeiltid / Deltid:Heiltid, DeltidTilsetjingsform:FastWebcruiter-ID:4859652718Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsrehabilitering
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
- Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med erfaring/utdanning innan geriatri, palliativ behandling/kreftomsorg
- Studentar kan bli vurdert til stillingane
- Gode norskkunnskapar
- Sertifikat i klasse B til stillingar i heimetenesta
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP