Lærar

VIGRESTAD STORSKULE

  • Vigrestad, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 dager siden
På Vigrestad storskule er det ledig to vikariat frå 01.08.2026-31.12.2026, med moglegheit for å halda fram vidare. Den eine stillinga er faglærar på ungdomstrinnet i 50-100% i faga engelsk, musikk, kunst og handverk og norsk.Den andre stillinga er kontaktlærar på mellomtrinnet i 100 % der det er behov for faga matematikk, naturfag, mat og helse og musikk.Me jobbar med å utvikla eit endå tryggare skulemiljø og med å tilpassa og variera undervisning. Me vil gjerne ha deg med på laget. Som tydeleg og omsorgsfull klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule. Vigrestad storskule er ein 5.-10. trinn skule, med omlag 270 elevar og 45 tilsette. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa.Kvalifikasjonar:
- Du er kvalifisert til å jobba på ungdoms- og mellomtrinnet.
- Du har 60 studiepoeng i engelsk og norsk og/eller 30 studiepoeng i musikk og kunst og handverk for stillinga på ungdomstrinnet.
- Du har 30 studiepoeng i matematikk for stillinga på mellomtrinnet.
- Utdanning i, eller erfaring med spesialpedagogikk er ein fordel.
- Personleg eignetheit vil bli vektlagt. Du må vera ein autoritativ klasseleiar og kunna samarbeida godt med andre.Intervju vil bli tatt kontinuerleg.Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenSeri Refsnes41532656Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!SektorOffentlig

VIGRESTAD STORSKULE

Lignende stillinger

  • Lærar

    Hå kommune

    • Vigrestad, Rogaland
    Frå 1.8.2026 - 31.12.2026 har me ledig eit vikariat i 80 % stilling, med moglegheit for forlenging. Me søker deg som vil vera med å skapa ei engasjerande undervisning og eit trygt …
    • 3 dager siden
  • Lærar

    VIGRESTAD SKULE

    • Vigrestad, Rogaland
    Frå 1.8.2026 - 31.12.2026 har me ledig eit vikariat i 80 % stilling, med moglegheit for forlenging. Me søker deg som vil vera med å skapa ei engasjerande undervisning og eit trygt …
    • 3 dager siden
  • Lærar

    Hå kommune

    • Vigrestad, Rogaland
    På Vigrestad storskule er det ledig to vikariat frå 01.08.2026-31.12.2026, med moglegheit for å halda fram vidare. Den eine stillinga er faglærar på ungdomstrinnet i 50-100% i faga…
    • 6 dager siden