Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter

Tysnes kommune

  • Tysnes, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 1 måned siden
Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenterEr du på jakt etter ei utfordrande og givande helgestilling? Me treng fleire dyktige medarbeidarar på laget vårt.Tysnes omsorgssenter held til i fine og moderne lokale, i eit nybygg som stod ferdig i 2017. Senteret har 30 institusjonsplassar, i tillegg til plassar for korttidsopphald, rehabilitering og eit dagsenter tilrettelagt for personar med demens. Me har òg ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt tilbod om augeblikkeleg helsehjelp – eit alternativ til innlegging på sjukehus.Me har for tida fleire ledige helgestillingar i ulike prosentar (12,21 % – 18,31 %), og ser etter deg som er positiv, engasjert og har lyst til å bruke helgene dine på å gjere ein forskjell for andre. Stillingane inneber to-delt turnus, med både dag- og kveldsvakter. Du arbeider i snitt kvar tredje helg, men dersom du ønskjer det, kan det vere mogleg å jobbe annakvar helg.Hos oss blir du ein del av eit fagleg oppdatert miljø der personsentrert omsorg står i sentrum. Me arbeider målretta med å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for bebuarane våre. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og moderne velferdsteknologi er eit av hjelpemidla som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane våre.For å søkje må du ha fylt 18 år.
Tilsetjing skjer fortløpande, og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.Me ber om at attestar, kursbevis og vitnemål vert lagt ved når du sender inn søknaden.Kva går stillinga ut på
  • Assistere bebuarane i det daglege og støtte dei i eigenomsorg, i tråd med planlagde tiltak
  • Følgje opp individuelle målsetjingar og tiltak for kvar enkelt bebuar
  • Utføre spesifikke oppgåver i tråd med opplæring og skriftlege prosedyrar
  • Journalføre og bidra til utarbeiding og oppdatering av pleieplanar
  • Medverke til utvikling og kvalitetsforbetring på arbeidsplassen
Den som blir tilsett vil utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring.KvalifikasjonskravMe ser etter medarbeidarar med helsefagleg utdanning:
  • Sjukepleiar
  • Vernepleiar
  • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Studentar innan relevante studieforløp (helsefagarbeid, vernepleie, sjukepleie)
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.Krav til stillinga:
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode grunnlegjande datakunnskapar
Ønskjelege kvalifikasjonar:
  • Erfaring og kjennskap med brukargruppa er ein fordel
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.Kva me ser etter hos degMe ser etter deg som:
  • Er sjølvstendig og strukturert i arbeidskvardagen
  • Tek intiativ, er positiv og skapar tillit i møte med andre
  • Handterer utfordringar på ein løysingsorientert måte
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Har gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.Kvifor skal du jobba hos oss?Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar?Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Me tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordra deg sjølv, utvikla kompetansen din og bidra til å gjera ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du vil oppleva eit trygt og støttande arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.Er du student og vil skaffe deg verdifull arbeidserfaring medan du studerer, samtidig som du får ei ekstra inntekt? Då kan studentavtalen med Tysnes kommune vere perfekt for deg!Me har ei stipendordning som kan gje deg ekstra støtte i studietida. .I tillegg har me ein eigen lønsstige for deg som er student innan eit område som er relevant for stillinga. Innan helse gjeld det f.eks. sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi-, eller medisintudentar. Denne er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eit år av studiet.Me tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.MangfaldserklæringTysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.Om TysnesDraumen om livet på landet finn du på Tysnes!Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Tysnes kommune