Direktør Kulturdirektoratet

Kultur- og likestillingsdepartementet

  • Oslo
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 21 dager siden
Direktør KulturdirektoratetVil du leie og utvikle eit av landets viktigaste kulturforvaltningsorgan?Om stillingaKulturdirektoratet er ei statleg verksemd som har heile landet som verkeområde. Direktoratet er sekretariat for dei kollegiale organa som styrer Norsk kulturfond, Fond for lyd og bilete og Statens kunstnarstipend, og forvaltar ei rekkje oppgåver på vegne av Kultur- og likestillingsdepartementet. Direktøren er verksemda si øvste leiar.Arbeidsoppgåver
  • Leie verksemda administrativt, økonomisk og fagleg innanfor dei rammene og fullmaktene Kultur- og likestillingsdepartementet gir.
  • Utvikle verksemda og organisere arbeidet på føremålstenleg måte.
  • Sørge for naudsynt digitalisering og effektivisering som bidreg til god måloppnåing.
  • Bygge gode relasjonar til kultursektoren og vere ein synleg aktør nasjonalt.
  • Vidareutvikle Kulturdirektoratet som statleg forvaltningsorgan.
KvalifikasjonarFor å lukkast i rolla bør du ha solid leiarerfaring med dokumenterte resultat, god rolleforståing og inngåande kjennskap til politiske og forvaltningsmessige prosessar. Kjennskap til kultursektoren er ein fordel. Du har evne til strategisk planlegging og til å gjennomføre og motivere for endringar, omstilling, effektivisering og digitalisering. Du har relevant utdanning på høgare nivå. Vidare har du gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både internt og eksternt.Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.Den som blir tilsett i stillinga må kunna klarerast for tilgang til informasjon gradert HEMMELIG etter sikkerhetsloven.Vi tilbyrVi tilbyr eit sterkt fagmiljø med kunnskapsrike medarbeidarar og utfordrande oppgåver der du får høve til å samhandle tett med kultursektoren og påverke kulturområdet i Noreg.Direktøren blir tilsett på åremål for seks år, med mogleg fornying etter offentleg utlysing.Inkluderande arbeidslivDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.Offentleg søkjarlisteAlle førespurnader vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg òg overfor oppdragsgjevar i ein innleiande fase. Kulturdirektoratet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlista. Søkjar må grunngje eventuelt ønskje om unntak. Dersom unntak ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren bli varsla og få høve til å trekkje søknaden sin.KontaktInteressert? Ta kontakt med Visindi ved Tonje Støver Knutsen på tlf. 477 10 6111, Atle Ronglan på tlf. 966 27 089 eller Magne Amundsen på tlf. 916 56 101. Søknad og CV skal sendast snarast og seinast innan 1. september 2025.Om KulturdirektoratetKulturdirektoratet har om lag 140 tilsette med hovudkontor i Oslo og kontor i Bodø og Trondheim. Direktoratet har sekretariats-, utviklings- og forvaltningsoppgåver på kulturområdet, medrekna tilskotsforvaltning, statistikk og analyse, oppgåver knytte til museumsutvikling, tilskot til nasjonale minoritetar og internasjonalt kultursamarbeid. Verksemda er òg nasjonal koordinator for auka mangfald, inkludering og deltaking i kultursektoren.Kulturdirektoratet skal gjennom si rolle som kunnskapsprodusent bidra til eit godt fagleg grunnlag for kulturpolitiske beslutningar. Kulturdirektoratet sitt internasjonale arbeid skal bidra til å styrkje kunstnarisk fridom og ytringsfridom, og leggje grunnlag for at aktørar frå Noreg nyttar internasjonale moglegheiter.

Kultur- og likestillingsdepartementet

Lignende stillinger

  • Avdelingsdirektører

    STORTINGETS KONTROLLUTVALG EOS-UTVALGET

    • Oslo
    Om stillingene EOS-utvalget søker to avdelingsdirektører med meget gode lederegenskaper og god juridisk kompetanse til å lede de to kontrollavdelingene i utvalgets sekretariat: …
    • 4 timer siden
  • Avdelingsdirektører

    EOS-utvalget

    • Oslo
    Avdelingsdirektører Vi søker ledere til kontrollen av de hemmelige tjenestene Om oss EOS-utvalget er oppnevnt av Stortinget og er ett av Stortingets eksterne kontrollorganer.…
    • 4 timer siden