Inspektør Site - Stål

Ulstein Verft AS

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 25 dager siden
Om stillingaVil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?Ulstein Verft, som er ein del av skipsbyggingsområdet i Ulstein Group, er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet og vi har difor behov for å auke bemanninga vår knytt til skrogbygging utland.Site teamet vårt i utlandet består av Site Manager og Assistant Site Managar i tillegg til inspektørar for ulike fagdisiplinar. Vi er på jakt etter deg med personleg driv til å planlegge og gjennomføre skrogbygginga vår i samarbeid med site-teamet vårt. Arbeidsstad er per no i Gdynia, Polen, og stillinga er basert på rotasjonsordning.Søkjarar vil verte vurdert fortløpande.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:24.04.2024Arbeidsgivar:Ulstein Verft ASStad:UlsteinvikStillingstittel:Inspektør Site - StålStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4782632461Sosial deling :Oppgåver du vil jobbe med
  • Inspeksjon og oppfølging av våre prosjekt i utlandet
  • Utvikling og oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar innan fagområdet
  • Oppfølging mot teknisk avdeling, klasseselskap og reiarlag
  • Assistere Site Manager ved rapportering
  • Ved behov, vil ein kunne verte omprioritert til oppgåver ved Ulstein Verft sitt anlegg i Noreg
Kvalifikasjonar, kunnskap og erfaring som gjer jobben lettareHar du kvalifikasjonane vi ser etter vil vi gjerne kome i kontakt med deg
  • Fagleg kompetanse innan stål og skrogbygging
  • God tverrfagleg teknisk forståing
  • Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil verte tillagt vekt
  • Gode engelskkunnskapar
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplassUlstein Verft byr på ein variert jobb, gode kollega og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar.Vi tilbyr
  • Rotasjonsordning
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Adresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonOle Osnes GjerdeHull ManagerOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Ulstein Verft AS

Lignende stillinger

  • Disiplinleiar - Produksjon Stål

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag…
    • 24 dager siden
  • Arbeidsleiar Stål-utrustning

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeider innan det maritime området. Vi designer, byggjer og leverer løysingar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt sp…
    • 24 dager siden
  • Tig og Mig sveisere søkes

    People of Norway

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    IT'S ALL ABOUT THE PEOPLE! Vi vet at det er de ansatte som er bedriftens aller viktigste ressurs. People har derfor siden 2002 hjulpet tusenvis av jobbsøker med å få drømmejobben…
    • 1 måned siden