KYRKJELYDSPEDAGOG/ KYRKJELYDSARBEIDAR

Volda kyrkjelege fellesrad

  • Volda, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 18 dager siden
Om stillingaKYRKJELYDSPEDAGOG/ KYRKJELYDSARBEIDAR - 60%Vi søkjer etter ein kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar som kan vere med på å drive og vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i Volda fellesrådsområde. Stillinga inngår i trusopplæringsteamet saman med kateketen. Kateketen er leiar av undervisningsarbeidet og trusopplæringsteamet.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:24.05.2024Arbeidsgivar:Volda kyrkjelege fellesrådStad:VOLDAStillingstittel:KYRKJELYDSPEDAGOG/ KYRKJELYDSARBEIDARStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:60Webcruiter-ID:4797676865Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Planlegge og gjennomføre trusopplæringsarbeidet i samarbeid med tilsette og frivillige
  • Ta del i konfirmantarbeidet
  • Drive rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
  • Ta del i samarbeidet kyrkje - skule/barnehage
  • Ta del i møta i trusopplæringsutvalet
Vi søkjer primært etter kyrkjelydspedagog, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning og praksis.Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk
  • Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
  • Leiarerfaring
  • Evne til samarbeid og teamtenking
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
  • Moderne kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor
  • Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning i KLP
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.For nærare opplysningar ta kontakt med:
  • Kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549, eller via epost: jostein.strabo@volda.kyrkja.no
  • Katetet(kyrkjelydspedagog) Martine Hjertvik Urke på tlf. 90897340, eller via epost: martine.hjertvik.urke@volda.kyrkja.no
  • Tidlegare trusopplæringsmedarbeidar Wendi Sund Stråbø på tlf. 95764607, eller via epost: wendi945@gmail.com
Sjå òg heimesida vår
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via .no innan den 24.05.2024Adresse: Rådhusgata 6a, 6100 VOLDA, NorgeKontaktinformasjonJostein StråbøKyrkjeverjeMartine Hjertvik UrkeKatetet(kyrkjelydspedagog)Om arbeidsgivarenVolda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10809 ved årsskiftet og 8240 eller 76% av desse er medlem av Den norske kyrkja.Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel.Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.Kommunen har seks sokn, Volda (5800), Hornindal (1014),Dalsfjord (590), Kilsfjord (460), Austefjord (274) og Storfjorden (102), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (50% + 20%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.

Volda kyrkjelege fellesrad