Omtale av stillingaRus- og psykiske helsetenester søkjer etter sjukepleiar eller vernepleiar i vikariat, 100% i turnus med arbeid kvar 6. helg.Arbeidstad i Rosendal, ved Borgjo Bufellesskap.Som tilsett ved Rus og psykiske helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.Vikariat frå 01.desember 2025 til 30. april 2026.KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.Førarkort klasse BPersonelge eigenskapar- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.- Du må ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.Søknad vert å sendaKvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkjeskal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan vertaoffentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkjesøknaden din.Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.