Fabrikkdirektør

Bremnes Seashore AS

  • Norge
  • Fast
  • Fulltid
  • 22 dager siden
Om stillingenVil du leie ein av Noregs mest framtidsretta sjømatbedrifter?Bremnes Seashore på Bømlo søkjer ny fabrikkdirektør - ein trygg, tydeleg og framtidsretta leiar som vil vere med å drive og utvikle eit høgteknologisk anlegg i verdsklasse. Ein solid leiar som kan sikre utvikling, flyt, struktur og arbeidsglede.Hjarte for laks - og for folkVi har investert tungt i ny fabrikk og moderne løysingar, men det er menneska våre som får det til å skje. No treng vi ein ny fabrikkdirektør som både har auge for effektiv drift, og hjarte for dei som jobbar her. Fabrikken vår har høgt tempo, og kvar einaste dag pakkar vi og foredlar laks til kundar i inn- og utland. Vi er stolte av det vi leverer!Ta gjerne kontakt Garuda, vår samarbeidspartnar på rekruttering, for meir informasjon om stillinga.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.06.2025Arbeidsgiver:Bremnes Seashore ASSted:BREMNESStillingstittel:FabrikkdirektørStillinger:1Heltid / Deltid:HeltidAnsettelsesform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4976796131Sosial deling :ArbeidsoppgaverSom fabrikkdirektør får du ansvar for heile anlegget på Bømlo - frå pakkeri og foredling til teknisk drift og reinhald. Du vil ha ein nøkkelrolle i konsernleiinga og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av både fabrikk, folk og forretningsprosessar.Nokre av oppgåvene dine blir å:
  • Skape gode produksjonsflytar og redusere nedetid.
  • Bidra til digitalisering og smart bruk av data for å forbedre drift og beslutningar.
  • Vidareutvikle dyktige leiarar og eit inkluderande arbeidsmiljø.
  • Sikre mattryggleik og kvalitet i alle ledd.
  • Jobbe tett med sal og oppdrett for å maksimere utnytting og verdi.
  • Være til stades - som leiar og lagspelar - kvar dag.
Kvalifikasjoner
  • Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, gjerne innan produksjonsteknikk, næringsmiddelindustri, matteknologi eller industriell økonomi.
  • Leiarerfaring frå produksjonsverksemd.
  • God forståing for teknisk drift, produksjonsflyt og vedlikehald.
  • Erfaring med LEAN og kontinuerleg forbetring.
  • Økonomisk innsikt - evne til å forstå og følgje opp KPI-ar, dekningsbidrag og råvareutnytting.
  • Kjennskap til krav innan mattryggleik og kvalitetssikring.
  • Gode språkferdigheiter på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
Personlige egenskaper
  • Tydeleg og trygg leiarstil - samstundes som du tør å stille krav.
  • Strukturert og løysingsorientert - du handterer komplekse utfordringar med ro.
  • Relasjonell og inkluderande - du får folk med deg, og ser verdien i eit mangfaldig arbeidsmiljø.
  • Forankra og til stades - du trivst med å vere fysisk til stades og tett på drifta.
Vi tilbyr
  • Ein nøkkelrolle i ei framtidsretta og verdibasert sjømatbedrift.
  • Eit solid og langsiktig konsern med ein ny og moderne fabrikk.
  • Mogelegheit til å påverke og utvikle både folk og system.
  • Eit arbeidsmiljø prega av tillit, engasjement og stoltheit.
  • Konkurransedyktige vilkår - og ein jobb der du verkeleg betyr noko.
Adresse: Øklandsvegen 90, 5430 BREMNES, NorgeKontaktinformasjonJohnny FærøyDaglig lederSynnøve Reksten MowinckelPartnerIni Aksnes MælePartnerOm arbeidsgiverenBremnes Seashore er eit av Noregs største privateigde oppdrettsselskap og ein pionér innan berekraftig lakseproduksjon. Med over 20 lokalitetar i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, og eit toppmoderne prosess- og foredlingsanlegg på Bømlo, leverer dei dagleg meir enn 500 000 laksemåltid til kundar over heile verda.Gjennom satsinga på premiumprodukt under merkevara BÖMLO har dei etablert eit sterkt kvalitetsstempel i både norsk og internasjonal marknad. Selskapet har om lag 500 tilsette, og er ein viktig arbeidsgjevar og samfunnsaktør i regionen. Som familieeigd verksemd har dei eit langsiktig perspektiv, med høgt fokus på fiskevelferd, teknologiutvikling og miljøansvar.Les meir på

Bremnes Seashore AS