Lærar med spesialpedagogisk utdanning

Vestland fylkeskommune Se alle jobber

  • Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 timer siden
Arbeidsoppgåver
  • Undervisning i tilrettelagte grupper.
  • Praktisk og teoretisk undervisning tilpassa elevane.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med føresette og andre støttefunksjonar.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollegaer og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utviklinga i fagfeltet.
  • Legge til rette for at elevane får gode overgangar frå skule til arbeid.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære fagleg og sosialt òg for at dei skal meistre livet som vaksen.
Kvalifikasjonar
  • Allmennlærar eller yrkesfaglærar med spesialpedagogisk utdanning.
  • Ønskjeleg med erfaring innan spesialpedagogisk arbeid i tilrettelagt opplæring.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
  • Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
  • Gode evner i møte med elevar med særskilte behov, et særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa.
  • Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
  • Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar som yrkesfaglærar er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Almennlærar har pedagogikk i utdanninga. For denne stillinga er utdanning i spesialpedagogikk viktig. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan etter vurdering eventuelt tilsetjast på vilkår.Adresse: Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg, NorgeKontaktinformasjonBeate Fossen NordborgAvdelingsleiar tilrettelagt SkogsvågErik HenneliAssisterande rektorOlav LeerektorOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • Tospråklig lærer i flere språk

    Askøy kommune

    • Kleppestø, Vestland
    Om stillingen Vi søker etter tospråklige lærere i følgende språk med stillingsprosenter fra ca. 5 til 50 %: Kinyabwisha, dari, pashto, tsjekkisk, ungarsk, portugisisk, mandarin,…
    • 11 timer siden
  • Tospråklig lærer i flere språk

    Askøy kommune

    • Kleppestø, Vestland
    Vi søker etter tospråklige lærere i følgende språk med stillingsprosenter fra ca. 5 til 50 %: Kinyabwisha, dari, pashto, tsjekkisk, ungarsk, portugisisk, mandarin, oromo. Tosprå…
    • 11 timer siden
  • Tospråklig lærer i flere språk

    ASKOY KOMMUNE SKOLEADMINISTRASJONEN

    • Kleppestø, Vestland
    Vi søker etter tospråklige lærere i følgende språk med stillingsprosenter fra ca. 5 til 50 %: Kinyabwisha, dari, pashto, tsjekkisk, ungarsk, portugisisk, mandarin, oromo. Tosprå…
    • 14 timer siden