Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk

Helse Fonna

  • Odda, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Om stillingaØnsker du å arbeide på ei framoverlent avdeling med eit prisvinnande arbeidsmiljø? Kirurgisk og medisinsk poliklinikk driv aktivt med forbetringsarbeid og er ei avdeling som har fokus på å ta i bruk digitale løysingar. Avdelinga vann Arbeidsmiljøprisen til Helse Fonna i 2024 for sitt gode arbeidsmiljø.Stillinga inneber arbeid kvar 4. helg på medisinsk og kirurgisk sengepost.
Det kan vere moglegheit for fast stilling etter endt vikariat. Oppstart etter avtale.Ring gjerne leiar for ein uformell prat - vi vil gjerne høyre frå deg!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:10.09.2025Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:ODDAStillingstittel:SjukepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5002788220Sluttdato:31.01.2027Sosial deling :Kva går jobben ut på?
  • Sjukepleieoppgåver i poliklinikk
  • Undersøking og behandling av kirurgiske og medisinske pasientar
  • Administrativt arbeid knytt til poliklinikkane
  • Bidra i forbetringsarbeid i avdelinga
  • Rettleiing av studentar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar
  • Ønskjeleg med minimum 2 års sjukehuserfaring
  • Videreutdanning innan sår eller kardiologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar vert vektlagdeKva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
  • arbeider strukturert
  • har evne til å prioritere oppgåver og finne løysingar
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • trivst med å arbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
  • er oppteken av fag og god pasientbehandling
  • tek imot nye utfordringar
  • er ein positiv bidragsyter til endringsprosessar og digitalisering
Kvifor skal du velje oss?
  • Tilpassa opplæring med sjukepleiar
  • Inkluderande kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Ei avdeling som driv aktivt med forbedringsarbeid
  • Mogleghet for å vere med å påverke eigen arbeidskvardag
  • Ein tilgjengeleg og synleg leiar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Sjukehusvegen 10, 5750 ODDA, NorgeKontaktinformasjonAnita NarheimFunksjonsleiarE-post: anita.narheim@helse-fonna.noOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .

Helse Fonna