Om stillingaI takt med at samfunnet endrar seg og fleire mottek helsehjelp, står primærhelsetenesta ovanfor både spanande moglegheiter og komplekse utfordringar. Vi søker etter ein engasjert og framtidsretta leiar som står stødig i ein kvardag der fag, relasjonar og teknologi går hand i hand. I avdeling Tverrfagleg helse vil du få personalansvar for eit breidt mangfald av dedikert og spesialisert helsepersonell fordelt på helsestasjon, avdeling for psykisk helse og rus, hjelpepersonell på legekontor, samt oppvekstrettleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og musikkterapeut. Du vil inngå i den tverrfaglege leiargruppa innan tenestefeltet helse og meistring.Er du klar for ei spanande og variert leiarrolle med stor moglegheit til å påverke framtidas kommunehelseteneste? Då ønsker vi å prate med deg!Arbeidsoppgåver
Leia og koordinera kommunens psykososiale kristeteam
Overordna fagansvar og vere pådrivar for utvikling av gode helsetenester
Ressursstyring og personalansvar
Måloppnåing og økonomistyring
Kommunikasjon og samhandling med spesialisthelsetenesta, kommunepsykolog, kommuneoverlege og andre relevante interne og eksterne samarbeidspartar
Bidra aktivt i den tverrfaglege leiargruppa innan helse og meistring
Noko klinisk retta arbeid må påreknast
Delegerte oppgåver frå einingsleiar
Kvalifikasjonskrav
Relevant 3- årig helsefagleg utdanning på høgskulenivå
Relevant vidareutdanning er ønskeleg
Gjerne erfaring innan leiing, forbetringsmetodikk og implementering
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du samarbeider godt og har evne til å skapa tillit og engasjement
Du er strukturert, kan arbeide sjølvstendig og er ansvarsbevisst
Du er initiativrik og oppteken av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, medarbeidarar og organisasjonen generelt
Du arbeider godt under press og har god prioriteringskompetanse
Personlege eigenskapar vert vektlagt.Vaksdal Kommune kan tilby
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Individuell oppfølging
Gode moglegheitar for støtte til utdanning
Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Du vil bli ei viktig brikke i eit positivt og dynamisk leiarteam med fagleg dyktige kollegaer
Kontaktperson for stillingenKenneth VikEiningsleiar Helse og meistring+4795840164Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.SektorOffentligNettsted