Kontrollsjef

Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Molde, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Møre og Romsdal fylkeskommune trenger ny kontrollsjefKontrollutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal på vegne av fylkestinget stå føre det løpande tilsynet med den fylkeskommunale forvaltninga, og sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Utvalet skal gjennom arbeidet sitt bidra til at innbyggarane og andre interessentar har tillit til Møre og Romsdal fylkeskommune, og at fylkeskommunen leverer tenester og utfører mynde effektivt og målretta i tråd med lov, forskrift og regelverk, samt fylkestinget sine vedtak.Kontrollutvalet søkjer derfor ein strategisk og samfunnsengasjert kontrollsjef som vil vere ein nøkkelperson i arbeidet med å sikre openheit, tillit og god forvaltning. Du vil vere ein viktig rådgivar for både folkevalde og administrasjon i spørsmål om kontroll, revisjon og forvaltningskvalitet. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å bidra til eit sterkt lokaldemokrati og ei effektiv og transparent offentleg verksemd.Kontrollsjefen blir formelt tilsett av fylkestinget i Møre og Romsdal i samsvar med kommunelova §23-7.Kontorstad er fortrinnsvis Molde, men fylkeskommunen sine lokalar i Ålesund og Kristiansund kan vurderast.Arbeidsoppgåver
  • Utarbeide saksframlegg og innstillingar til kontrollutvalet
  • Følge opp revisjonsarbeid og kontakt med revisor
  • Ansvar for utarbeiding og oppfølging av planar for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll
  • Samarbeid med andre kontrollutvalssekretariat for kommunane i fylket vårt
  • Gi faglege råd til kontrollutvalet, samt bidra til god forvaltningsskikk og kvalitet i kontrollarbeidet
  • Sikre god dialog og samhandling med fylkestinget, administrasjonen og eksterne aktørar
  • Bidra til utvikling av kontrollfunksjonen i fylkeskommunen
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på universitets- eller høgskolenivå tilsvarande master i revisjon, økonomi, jus, statsvitenskap el.
  • God kjennskap til relevant lov- og regelverk samt praksis og standardar for kommunal kontroll og revisjon
  • Leiarerfaring
  • Kjennskap til styringssystemet i kommunesektoren og erfaring med avgjerdsprosessar i folkevalde organ
  • Relevant erfaring frå sekretærarbeid for folkevalde organ, kommunal revisjon og/eller kommunal administrasjon er ein fordel
  • Evne til effektivt å nytte digitale verktøy for teksthandtering, presentasjon og samhandling
  • Evne til å nytte digitalisering som verkemiddel for utvikling og effektivisering
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Svært Ggod skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å skape god relasjon og tillit
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Evne til å prioritere oppgåver for å nå oppsette mål
  • Utviklingsorientert
  • Høy etisk standard
Vi tilbyr
  • Ei fagleg spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Lønn etter avtale
  • Offentleg pensjons- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon Fredric Holen Bjørdal, Leiar for kontrollutvalet, 92267330,
Ingunn Oldervik Golmen, Nestleiar for kontrollutvalet, 99516430,Arbeidsstad Julsundvegen 9
6412 MoldeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5009773151
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2025Kontaktpersoner for stillingenIngunn Oldervik GolmenNestleiar for kontrollutvalet99516430Kopier telefonnummerKopier e-postadresseFredric Holen BjørdalLeiar for kontrollutvalet92267330Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.SektorOffentligNettsted

Møre og Romsdal fylkeskommune