Tilkallingsvikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/miljørettleiar i tilrettelagde grupper hjå Os vgs
OS VIDAREGAANDE SKULE
- Vestland
- Midlertidlig
- Deltid
Vi jobbar med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.Gjennom skuleåret treng skulen ein eller fleire tilkallingsvikarar som kan arbeida som fagarbeidar i tilrettelagde elevgrupper. Vikarane vert tilkalla om fagarbeidarar vert borte frå arbeid eller om skulen mellombels må auke bemanninga i korte periodar. Fagarbeidarane skal arbeida i mindre grupper med inntil åtte elevar og i samarbeid med fleire fagarbeidarar og lærarar.Arbeidsoppgåver
- Støtta faglærar i undervisinga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar
- Delta i opplæringsaktivitetar i klasserom, gymsal, på kjøkken, i verkstader og utandørs eller på andre arenaer.
- Gjennomføra og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skuletida, i tråd med elevane si trong
- Samarbeida med andre fagarbeidarar og lærarar om å planleggja og gjennomføra undervising i tråd med individuelle opplæringsplanar.
- Ynskjeleg med utdanning innan helsefag, barne- og ungdomsfag, miljøarbeid eller anna relevant utdanning
- Ynskjeleg med erfaring knytta til arbeid med ungdom og/eller menneske med nedsett funksjonsevne
- Søkjaren må vera fleksibel og ha høve til å arbeida i heile eller deler av veka.
- Søkjaren må ha ei god evne til samarbeid og vera personleg eigna til arbeid med ungdom.
- Søkjaren trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.
- Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
- Nært samarbeid med kollegaer
- Ein god delingskultur og ei positiv innstilling
- Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lova og avtaleverket
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
5210 OsNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5006766935
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 28.09.2025Kontaktperson for stillingenLars Arne Nilssenavdelingsleiar93897988Kopier telefonnummerOm bedriftenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.SektorOffentlig