Medansvar for kyrkjelydane si undervisning og opplæring for barn og unge.
Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæring for alle døypte i alderen 0-18 år
Koordinere og leie kyrkjelydane sitt konfirmantarbeid.
Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der konfirmantar, ungdom og barn er målgruppa
Følge opp frivillige medarbeidarar i trusopplæringsutvala
Ansvarleg for kyrkjelydane sitt skule-/barnehage og kyrkjesamarbeid
Kvalifikasjonar
Utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja.
Søkjarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk, eller anna relevant utdanning vert oppfordra til å søke. Vi kan også vurdere støtte til kompetanseutvikling.
Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyd er ønskeleg.
Søkjarar må vere medlem i Den norske kyrkja, og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag
Personlege eigenskapar
Engasjement for arbeid med undervisning og formidling til barn og unge.
Gode pedagogiske og administrative evner.
God på formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.
Evne til å arbeide sjølvstendig, i team og til å leie andre, både tilsette og frivillige.
Raus og inkluderande.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Anna:
For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynsamfunn §20.Me tilbyr
For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Høve til å drøfte stillingsprosent.