Om stillingaLaboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) ved Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling som fagbioingeniør, med ansvar innan fagområda hematologi, koagulasjon og urinar. Oppstart er 15.06.2026 eller etter avtale.Fagbioingniør har ansvar for drift, vedlikehald, kvalitetssystem for analyseinstrumenta Sysmex, StarMax, og andre mindre instrument i fagfeltet. Stillinga rapporterar fagleg til overbioingeniør, medan seksjonsleiar er administrativ overordna. Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek mellom anna på alle fagleg retta brukarkurs. Laboratoriet har eit tett fagleg samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus).Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter på kveld/natt, helg. Ved tilsetjing blir det gjeve grundig opplæring innan alle fagfelt. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen.Velkomen til Lærdal og Indre Sogn! Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pitoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar. Vi tilbyr nyoppussa leilegheiter til utleige.Lærdal kommune ligg i området for årleg nedskriving av studielån à 25 000 krSjå videoen om det gode livet i Lærdal.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:03.05.2026Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:LærdalStillingstittel:Fagbioingeniør og bioingeniør i grunnstillingStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5082322600Startdato:15.06.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrer
Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
Opplæring
Deltaking i prosedyreskriving
Halde seg oppdatert i faget
Fagbioingeniør rapporterar fagleg til overbioingeniør innanfor det same fagfeltet.Kvalifikasjonar
Bachelor i bioingeiørfag. Norsk godkjenning
Gode IT-kunnskapar
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Det er fordel med erfaring innanfor det aktuelle fagfeltet
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
Gode språklege kunnskapar, både munnleg og skriftleg
Fagleg engagement
Initiativrik
Vi tilbyr
Løn etter overeinskomst
Husvære. Lærdal sjukehus har flotte nyoppussa leilegheiter å tilby
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Variert arbeid og godt fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, NorgeKontaktinformasjonKari GrøttebøSeksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.