Psykologspesialist/psykolog

HELSE BERGEN HF REHABILITERINGSKLINIKKEN

  • Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 dager siden
100% årsvikariat for psykologspesialist/psykologVi ønsker oss ein engasjert og dyktig psykolog/psykologspesialist til eit spennande og variert fagfelt.Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: klinisk vaksenpsykologi, helse, rus- og avhengigheitspsykologi og habilitering. Flere av våre psykologar er i gang med spesialisering innan nevropsykologi.HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeut og sekretærar.Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for og erfaring med fagfeltet.Habiliteringsavdelinga er for tida lokakalisert i Olav Bjordals veg 29, Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås innan 2028 for samlokalisering med øvrige avdelingar i klinikken. Tilsetjingsdato er 01.01.2026 eller etter nærare avtale.Sjå elles våre internettsider:Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing og diagnostisering
  • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Bidra i fagutvikling
  • Kurs, undervising og pasientopplæring
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Kjennskap til og interesse for fagfeltet
  • Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel
  • God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Trivsel med tverrfagleg samarbeid
  • Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa
Vi tilbyr deg
  • Spennande utfordringar og oppgåver
  • Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar
  • Opplæring og rettleiing
  • Eit robust og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, 95197626,
Ingfrid O. Lien, Psykologfaglig rådgivar, 55 53 50 00,Arbeidsstad Olav Bjordals veg 29
5111 BREISTEINNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5009190785
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktpersoner for stillingenIngfrid O. LienPsykologfaglig rådgivar55 53 50 00Kopier telefonnummerKopier e-postadresseBeate Kristin LilleheilSeksjonsleiar95197626Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.SektorOffentligNettsted

HELSE BERGEN HF REHABILITERINGSKLINIKKEN

Lignende stillinger

  • Psykolog/psykologspesialist

    Bufetat

    • Førde, Vestland
    Arbeidsoppgåver Utreiing og hjelpetiltak etter barnevernloven §2-2, 2-3 og 3-1. Oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn…
    • 1 dag siden
  • Psykolog/psykologspesialist

    Bufetat

    • Førde, Vestland
    Om stillinga Ledig stilling som psykolog/psykologspesialist til vårt viktige oppdrag for sped- og småbarn. Vi har ledig fast 50 % stilling som psykolog/psykologspesialist. Arbe…
    • 1 dag siden
  • Psykolog/psykologspesialist

    BUFETAT VEST SENTER FOR FORELDRE OG BARN FORDE

    • Førde, Vestland
    Ledig stilling som psykolog/psykologspesialist til vårt viktige oppdrag for sped- og småbarn. Vi har ledig fast 50 % stilling som psykolog/psykologspesialist. Arbeidsstad er Førd…
    • 1 dag siden