Fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt ved Vossestrand Omsorgstun
VOSSESTRAND OMSORGSTUN
- Vestland
- Fast
- Deltid
Stillinga er ledig frå 20.april. Tilsetjing fortløpande.Om avdelinga
Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.Me tilbyr
- fast rekrutteringstillegg for sjukepleiar og vernepleiar
- årsturnus
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg
- tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving
- norsk autorisasjon som sjukepleiar og/eller vernepleiar
- gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- gode datakunnskapar. Opplæring i fagsystem vil verta gitt
- førarkort klasse B
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her.Me ynskjer deg som
- er god på samarbeid
- er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene
- utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- dokumentera helsehjelp i journalsystem
- bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
- vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- tett samarbeid med kollegaer, fastlege, fysioterapeut, legevakt, og sjukehus.
- oppfylgjing av studentar i praksis
- ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert