Reinhaldoperatør

Helse Fonna

  • Haugesund, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Om stillingaEr du våre nye reinhaldoperatørar?Me har ledig 1 fast 100% stilling og 1 vikariat i 100%Avdeling for husøkonomi består av reinhald, sengesentral og tekstilforsyning. Avdelinga har 42 medarbeidarar, i tillegg til vikarar. Det er ein inkluderande gjeng frå 13 ulike nasjonalitetar.Det blir reingjort ca. 87 000 m2 6 dagar i veka. Stillinga inngår i en 4 vekers turnus med arbeid dag, 1 veke kveld og kvar fjerde laurdag.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:09.09.2025Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:ReinhaldoperatørStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:Fast, VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5007898384Sosial deling :Kva går jobben ut på?
  • Sykehusreinhald og påfyll av forbruksvarar
  • Periodiske reinhaldsoppgåver og møbelrens
  • Maskinreinhald og vedlikehald av maskinar
  • Smittereinhald etter angitt prosedyre
  • Utføre reinhald og eigenkontroll etter NS Insta 800
  • Bruk av digital reinhaldsplan - CleanPilot
  • Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdeling for husøkonomi sitt ansvarsområde
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget
  • Lang erfaring frå reinhald kan kompensera for utdanningskravet. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for at den ansatte kan gå opp til fagprøven innan rimeleg tid. Dette vil regulerast i ein arbeidsavtale
  • Kunnskap om smittereinhald vil bli vektlagt
  • Erfaring med periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar er ein fordel
  • Søkjar bør kunne utføre reinhald etter kvalitetsprofilane til NS Insta 800
  • Grunnleggjande IKT kompetanse
  • Det stillast krav om gode norskkunnskaper, både skriftleg og muntleg - minimum bestått norskkurs B1
Arbeidsspråket er norsk, herunder arbeidsinstruks * Søkjar må kunne kommunisera med brukarar og ansatte på sykehuset, samt kunne betjene vakttelefon. Den som blir ansatt må kunne lese og forstå teknisk informasjon, datablad og arbeidsprosedyrar.Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:
  • arbeider både sjølvstendig og i team
  • er positiv, åpen og sosial
  • har god arbeidskapasitet
  • er fleksibel
Kvifor skal du velje oss?
  • Opplæring etter gjeldande standardar
  • Mogleghet for personleg og fagleg utvikling
  • God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag
Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonIonela AsanacheFunksjonsleiarJarle ReinertsenAvdelingsleiarOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .

Helse Fonna