Overlege innan psykiatri

Helse Møre og Romsdal

  • Hjelset, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaVil du bli vår kollega?Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. For tida har avdelinga størst behov for spesialisttenester innan utgreiing og behandling og alderspsykiatri, døgn og poliklinikk. Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta.Avdelinga består av 5 seksjonar:
  • Akutt psykisk helsevern SNR
  • Sikkerhetspsykiatri SNR
  • Alderspsykiatri SNR (poliklinikk og døgn)
  • Spesialisert habilitering SNR
  • Utgreiing og behandling psykisk helsevern SNR. Seksjonen gir eit høgspesialisert tilbod for pasientar med psykoseliding, alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar, samt samansette tilstandar somatikk/psykiatri og psykosomatiske tilstander.
Vi har eit aktivt fagmiljø. Vi har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe.Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.08.2025Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:HJELSETStillingstittel:Overlege innan psykiatriStillingar:1Tilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4956051716Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
  • Samarbeid med miljøpersonal og andre behandlarar om miljøterapeutiske tiltak
  • Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar hvis ein ønsker det
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Overlege innan psykiatri
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
Personlege eigenskapar
  • Du har god språkleg framstillingsevne
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.Adresse: Opdølvegen 2, 6450 HJELSET, NorgeKontaktinformasjonMarit Møgedal StokkelandSeksjonsleiarE-post: Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Overlege innan psykiatri

    • Hjelset, Møre og Romsdal
    Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. Vi ønskjer oss deg som er interessert i …
    • 6 timer siden
  • Overlege psykiatri

    • Molde, Møre og Romsdal
    Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri frå snarast. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 …
    • 6 timer siden
  • Overlege psykiatri

    Helse Møre og Romsdal

    • Molde, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling for overlege i psykiatri frå snarast. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgn…
    • 21 dager siden