Ledig vikariat som programfaglærar innan helse- og oppvekstfag

Rogaland fylkeskommune

  • Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingenSauda vidaregåande skule har om lag 100 tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre avdelingar, to i Sauda og ein i Suldal.Skulen har status som regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eit av seks opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne i Rogaland.Skulen si avdeling for helse- og oppvekst tilbyr vg1 helse- og oppvekstfag, vg2 helsearbeidarfag, vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og vg2 ambulansefag. Avdelinga har eit tett samarbeid med lokale kommunar og helseføretak.Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur pregar av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Skulen søker heile tida nye og framtidsretta løysingar og tilbod.Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.Arbeidsoppgåver:Skulen har ledig inntil 100 % vikariat som programfaglærar innan helse- og oppvekstfag frå og med 01.08.2024 til 31.07.25. Oppgåvene vil vere undervising for ungdom og vaksne innan programfaga på vg1 helse- og oppvekstfag, vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og vg2 ambulansefag.Stillinga krev:
  • Minimum 3-årig høgskuleutdanning eller yrkesfaglærarutdanning innan helsefag
  • Godkjent pedagogisk kompetanse
  • Godkjent politiattest
  • Førarkort klasse B.
Ønska kvalifikasjonar:
  • Vidareutdanning innan fagfeltet helse
  • Undervisningserfaring
  • Relevant yrkeserfaring
  • Erfaring frå vidaregåande opplæring for vaksne.
Vi søker ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og legge til rette for gode læreprosessar for elevane.Klasseleiing, kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap.Vi tilbyr:
  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Om du finn skulen og stillingane interessante, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.05.2024Arbeidsgiver:Rogaland fylkeskommuneStillingstittel:Ledig vikariat som programfaglærar innan helse- og oppvekstfagStillinger:1Ansettelsesform:VikariatHeltid / Deltid:HeltidStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4800851700Sosial deling :KontaktinformasjonMay Karin AndersenavdelingsleiarE-post: may.karin.andersen@skole.rogfk.noAdresse:Om arbeidsgiverenRogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber for en bærekraftig utvikling og sterkere fellesskap i hele Rogaland. Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Rogaland fylkeskommune