Tilkallingsvikar kokk/kokkemedarbeidar Klipra og Rematun
Ålesund kommune Se alle jobber
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
Seniorsentra er møteplassar for seniorar og skal vere eit utgangspunkt for sosialt samvær, kulturelle opplevingar og fysisk aktivitet. Alle som kjem innom senteret skal bli møtt, sett og høyrt. Senteret har eit ope tilbod for alle som ønsker å ta turen innom og i tillegg eit tilbod om vedtaksbaserte dagplassar for dei som ikkje kan nytte senteret på eigahand. For meir informasjon sjå . Begge sentra er opne alle kvardagar på dagtid.
Vi søker no etter tilkallingsvikar som kokk/kokkemedarbeidar ved begge seniorsentra, til drift av kafeen på Klipra seniorsenter og Rematun ved Spjelkavik seniorsenter.
Fortløpande tilsetting.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:10.05.2026Arbeidsgivar:Ålesund kommuneStad:ÅlesundStillingstittel:Tilkallingsvikar som kokk/kokkemedarbeiderStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:0Webcruiter-ID:5112557309Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Møte alle besøkande på ein inkluderande måte
- Smøre og servere både frukost og smørbrød til sal i kafeen
- Oppvarming og servering av middag
- Administrere sal i kafeen og ansvar for dagsoppgjer
- Andre praktiske oppgåver knytt til drift av kjøkken/kafe
- Fagbrev som er kokk er en fordel, men ikkje eit krav.
- Fordel med relevant erfaring frå kafedrift.
- God fysisk helse.
- Gode datakunnskap.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norske språkferdigheter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Du er ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Du er glad i å lage mat og serverer med eit smil.
- Du jobbar effektivt og sjølvstendig.
- Du er god på kommunikasjon og samhandling med andre.
- Du ønsker å jobbe med eldre og å bidra til at dei får ein god dag.
- God opplæring.
- Eit godt arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Løn etter tariff.