Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Det er oppretta ei avdeling på Leikanger og me treng fleire tilsette. Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk.Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar. Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter.Vi har ledig ei 60 % fast stilling med langvakt som miljøterapeut/ miljøarbeidar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger. Det er lagt opp til arbeid i turnus, med vakter 4. kvar helg. Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett.Me oppmodar menn til å søkje. Det blir gjennomført intervju i veke 42.Arbeidsoppgåver og ansvar:· Målretta miljøarbeid og miljøterapi· Praktisk bistand i daglege oppgåver· Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta· Medikamenthandtering· Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverkKvalifikasjonar:· Bachelor innan helse og sosialfag. Autorisert helsefagarbeidar· Erfaring frå arbeid evt. vidareutdanning innan psykisk helse/rus vil vere eit føremon· Førarkort klasse B· Gode norsk kunnskapar· Politiattest av nyare dato ved tilsettingPersonlege eigenskapar:· Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig· Har god relasjonskompetanse.· Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar· Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar.· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagdDet er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.Me tilbyr:· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar· Eit godt arbeidsmiljø· Gode pensjons- og forsikringsordningar· Gode velferdsordningar· Løn etter tariffavtaleMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenAnna Hamre+47 47878450 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837SektorOffentlig