Vi treng fleire barnehagelærarar, er det deg?

  • Sauland, Vestfold og Telemark
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Vi har ledige vikariat som barnehagelærarHjartdal kommune søker etter dyktige og entusiastiske barnehagelærarar i våre barnehagar, med snarleg tiltreding. Vi søker pedagogar som ynskjer å utvikle oppvekst og skape gode arenaer for barn i vår kommune. Vi har tre barnehagar i ulike størrelsar med kvart sitt særpreg. Alle tre barnehagane ligg i flotte omgivnadar med store moglegheiter.Barnehagane har eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse og stort mangfald.Vår visjon er: Vi trivst, lærer og har MOT til å gå samanKvalifikasjonar:
  • Godkjent barnehagelærarutdanning
  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå B2 eller betre.
  • I stillinga som barnehagelærar er Ukrainsk/russisk språk ønskeleg.
Personlege eigenskapar:
  • Du må være ansvarsbevisst og kreativ.
  • Ha eit positivt menneskesyn.
  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Du må vere interessert i å bidra til barns leik og utforskartrong, og at barna får ein kvardag med omsorg, leik, danning og læring.
  • Du må vere løysingsorientert, fleksibel, endringsvillig og utadvent.
  • Ha godt humør
Arbeidsoppgåver:
  • Planlegging, dokumentasjon og vurdering/evaluering.
  • Utvikling av sosialt miljø og læringsmiljø.
  • Delta i kvalitetsretta utviklingsarbeid.
  • Bidra til utvikling av det pedagogisk arbeidet, der Rammeplanen er i fokus.
  • Foreldresamarbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Medansvar for dagleg drift.
Dette tilbyr vi:
  • Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
  • Eit godt arbeidsmiljø der kommunen har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • God pensjonsordning.
Her kjem litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over:
  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gler oss, husk å ta med kopi av vitnemål og attestar.
  • Vi ynskjer to referansar og du må legge inn kontaktperson og telefonnummer.
  • Du vil ha prøvetid på 6 månader.
  • For personar som skal jobbe med barn, stillast det krav om politiattest i tråd med Barnehagelovas § 30.
  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
  • Som tilsett ved våre barnehagar kan ein ved behov og etter avtale bli flytta til andre barnehage-einingar i kommunen.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenKarianne Haugan Skårdal95790597 95790597Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til Hjartdal - det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

NAV